Hopp til innhold

Tener pengar på lettlurte Trump-tilhengarar

– Dine bøner er høyrde, Hillary er ferdig! Ein heilt usann artikkel vart kommentert og reagert på 140.000 gangar. Samtidig i Makedonia kunne eit IT-firma sjå pengane strøyme inn på konto.

USA-ELECTION/TRUMP A supporter of Republican presidential nominee Donald Trump yells at the media during a campaign event in Concord

Buzzfeed og The Guardian har oppdaga at over hundre nyheitsportalar retta mot Trump-tilhengarar er registrert i den vesle makedonske byen Veles. I bakgrunnen ein entusiastisk Trump-tilhengar i Nord-Carolina.

Foto: Reuters

Veles

Veles, Makedonia. Ligg midt i Makedonia. Kjend for industri.

Foto: Wikipedia

– Det er berre sluskar som bur i Veles. Dei er skada av forureininga.

Kraftsalven kom frå min makedonske ven, som nesten hadde blitt pressa av vegen av ein diger lastebil med registreringsskilt frå Veles.

Vi var på veg frå Skopje til Thessaloniki tilbake i 2009. Frå vegen kunne vi sjå denne bebudde åssida og kjenne stanken av giftig fabrikkrøyk.

Veles ein næringspark for feilinformasjon

Men både Buzzfeed og The Guardian kan melde at tidene har endra seg i denne byen med 44.000 innbyggarar.

Killary

FAKSIMILE: Frå USA-Newsflash. Konspirasjonsteoriar om ekskona til Anthony Weiner er populære. Og genererer mange kommentarar og delingar

Foto: Faksimile

For ei ny IT-næring har dukka opp blant tungindustri og sprø trailersjåførar.

Gründerar heilt ned i 16-årsalderen har skapt falske nyheitssider, der dei publiserer oppdikta nyheitssaker.

Formålet er å få engasjerte Trump-tilhengarar til å klikke på saka, og på reklamen.

Makedonarane har oppdaga at det går an å tene pengar på Google annonsar. Og den mest lukrative annonsemarknaden er USA og Trump-tilhengarane.

Over 100 falske nyheitsportalar med Trump-propaganda

Buzzfeed og The Guardian har funne nær 150 nettsider som spreier falske nyheiter om Clinton og Trump. Rundt 100 av dei skal framleis vere aktive.

WorldPoliticus.com, TrumpVision, USConseravtiveToday.com, lista er lang.

Det dei har til felles er at dei er registrert i den makedonske byen Veles.

Clinton ferdig

FAKSIMILE: Frå nettsida worldpoliticus.com Den viser at personane bak sida er flinke til å lage design. Sidene ser proffe ut ved første blikk.

Foto: Faksimile

Oppslaga er stort sett aggressiv propaganda for Trump. Og konspirasjonsteoriar mot Clinton. Facebook blir brukt for å lokke til seg lesarar.

World politicus

FAKSIMILE: Frå Facebooksida til World Politicus. Sakene blir delte og kommenterte av svært mange.

Foto: Faksimile

Ingen politisk agenda

Personane bak nettstadane seier til Buzzfeed at dei ikkje har nokon politisk agenda. Det handlar om å tene pengar.

– For meg var dette ein enkel måte å tene pengar på, fortel ein 17-åring Buzzfeed har snakka med. Her i Makedonia får ein råd til mykje med inntektene frå ein liten nettstad.

Clinton var full

FAKSIMILE: Worldpoliticus. Clinton var full, står det å lese. Berre fantasien set grenser når ein skal lage saker som eit amerikansk publikum ynskjer seg.

Foto: Faksimile

Men velinformerte kjelder NRK har snakka med, trur det er meir organisert. Og dei har peika mot ein makedonsk advokat.

Ingen av kjeldene til Buzzfeed og The Guardian er opne. NRK har forsøkt å kontakte den utpeika bakmannen. Han har ikkje svart på henvendelsen.

Arbeidsløyse blant ungdom

Makedonia er eit land i økonomisk krise. Hellas har lagt kjeppar i hjula for EU og NATO-søknaden.

Halvparten av alle personar mellom 18–24 år er arbeidslause i Makedonia, viser tal frå verdsbanken.

Økonomisk omstilling har gått sakte, spesielt i Veles, med sin tungindustri.

USAID satsa på IT i Makedonia

USAID la på tidleg 1990-tal ein IT-strategi for Makedonia. Målet var å gjere landet til eit nytt «Finland». Makedonia vart mellom anna det første landet med heildekkande wifi-tilgang.

Så uansett kven som står bak desse nettstadane, så finst det datakyndige folk i Makedonia, som treng ein jobb.

Clinton meir

Fleire har oppdaga at det går an å lage falske nyheiter. Og marknaden for Clinton-angrep er i ferd med å bli metta.

Foto: Faksimile

Mange om beinet

Kor mykje pengar desse nettstadane tener er uvisst.

Ein anonym «nyheitsredaktør» seier til Buzzfeed at han kan tene 30.000 til 50.000 kroner på eit vellukka oppslag.

Dei falske Clinton- og Sanders-vennlege sidene er ikkje i stand til å generere like mykje trafikk som Clinton-kritikk, skriv Buzzfeed.

Samtidig har det blitt mange om beinet, og inntektene dalar. For sjølv i USA er det grenser for kor mykje energi ein har for å vere netttroll og Clinton-hatar.

SISTE NYTT

Siste nytt