– Som mange av dykk, såg eg på debatten i kveld, startar superstjerna sitt innlegg og skriv vidare:
– Eg kjem til å stemme på Kamala Harris og Tim Walz i presidentvalet i 2024.
Det skriv ho på Instagram, der ho har 283 millionar følgjarar. Innlegget er likt av over 5 millionar menneske.
Stor påverkingskraft
Uttalen kjem kort tid etter debatten mellom presidentkandidatane Kamala Harris og Donald Trump natt til onsdag.
– Eg stemmer på Harris fordi ho kjempar for dei rettane og dei sakene eg trur treng ein krigar til å kjempe for seg. Eg trur ho er stødig og evnerik leiar. Og eg trur vi kan oppnå så mykje meir i dette landet viss vi blir leidde på ein roleg måte, ikkje med kaos, skriv ho.
I tillegg oppmodar ho unge amerikanarar til å registrere seg til å stemme.
Sjølv om alle amerikanske statsborgarar over 18 år har stemmerett, må dei registrere seg som «veljar» for å kunne stemme.
Den verdskjende superstjerna braut tausheita om den noverande tilstanden i amerikansk politikk den 10. september 2024, og uttrykte støtte til Harris over Donald Trump i kampen om Det kvite hus. Ho kalla den demokratiske kandidaten ein «stødig og talentfull leiar.»
Foto: INSTAGRAM/TAYLOR SWIFT– Det som kanskje er det viktigaste Swift gjorde, var å oppmode følgjarane sine til å registrere seg som veljarar. Sist ho gjorde det, såg vi at det hadde effekt, seier USA-ekspert Sofie Høgestøl.
Oppmodinga om å registrere seg til å stemme har ho nemleg gjort tidlegare. Vote.org som jobbar med veljarregistrering melde då at dei opplevde auka trafikk.
Høyr Oppdatert-episoden om påverkingskrafta til Taylor Swift her.
«Barnlaus kattekvinne»
Swifts post inneheld eit bilete av artisten med ein katt, og ho har signert posten med «barnlaus kattekvinne».
Det refererer til Trumps visepresidentkandidat JD Vance sin kommentar om at Harris var ein trist, barnlaus kattekvinne.
34-åringen har stor påverknadskraft hjå unge kvinner som ein av verdas største artistar. Dei er ein viktig veljargruppe for presidentkandidatane.
Unge veljarar er ei av dei viktigaste gruppene i dette valet. Da vonar ein at støtte frå den største artisten i verda kan få dei til stemmeurnene, seier USA-ekspert Sofie Høgestøl.
Foto: Johanna Hauge / NRK– Det vonar nok Harris vil bidra til at ho får fleire unge veljarar i dei avgjerande vippestatane, seier Høgestøl.
Ho trur at støtta frå Swift kan verte viktig.
Hennar tilhengjarar, som vert kalla for «Swifties», er kjende for å vere lojale. Mange av dei har allereie organisert seg under «Swifties for Kamala» på ulike sosiale medium.
Til den siste turneen hennar «Eras Tour» selde ho billettar for over 1 milliard dollar.
Har støtta demokratane tidlegare
Swift vore taus om kven ho støttar presidentvalkampen fram til no.
Ho skriv at KI-biletet som vart spreia av ho, der ho tilsynelatande støtta Donald Trump, har gjort at ho ikkje lenger vil vere taus.
Bilete vart publisert på Trump sitt eige sosiale medium, Truth Social, med teksten «Taylor Swift vil at du skal stemme på Donald Trump».
Unge amerikanarar samla utanfor Berkeley Art Museum i Berley, California for å sjå på debatten mellom Trump og Harris.
Foto: Gabrielle Lurie / APDette er ikkje den fyrste gongen Swift har gitt si støtte til ein kandidat frå Det demokratiske partiet.
For fire år sidan gav ho si støtte til dåverande presidentkandidat Joe Biden. Ho har òg støtta mellom anna den demokratiske senatoren frå heimstaten sin, Tennessee.
Swift har vore kritisk til Trump som ho meiner har fyra opp under rasisme og kvit nasjonalisme.