Hopp til innhold

Talibanleiar drepen av amerikansk drone

I 2009 vart det hevda at leiaren i pakistanske Taliban, Hakimullah Mehsud, vart drepen av ei amerikansk drone. I dag kjem den eksakt same nyheita på ny.

Hakimullah Mehsud, den antatte lederen av pakistansk taliban.

Hakimullah Mehsud skal ha blitt drepen i eit amerikansk droneangrep. Det same har også blitt hevda tidlegare, og førebels har ikkje Taliban stadfesta om deira leiar er drepen eller i live.

Foto: Scanpix/AFP

– Me kan stadfeste at Hakimullah Mehsud vart drepen i eit droneangrep, seier ein pakistansk tryggingstilsett til nyheitsbyrået Reuters.

Mehsud skal vere blant dei drepne etter at USA i dag gjennomførte eit droneangrep i Nord Waziristan i Pakistan. Om nyheita stemmer så er dødsfallet det siste i ei lang rekkje nedturar for den kjente terrorgruppa den siste tida.

Ikkje første gongen

Taliban-leiaren har vore meldt død fleire gonger tidlegare, mellom anna i januar i fjor. Også den gong vart det hevda at det var eit amerikansk droneangrep som hadde drepe terroristen. Taliban gjekk i etterkant ut og sa at nyheita ikkje stemte.

No derimot stadfestar dei til BBC og Reuters at Mehsud er drepen.

Mehsud vart leiar av Tehrik el-Taliban Pakistan i 2009, etter at den førre leiaren, Baitullah Mehsud, vart drepen i eit amerikansk rakettangrep same år.

Gruppa består av rundt 13 ulike fraksjonar, som alle har sin base i Waziristan i grenseområdet mellom Pakistan og Afghanistan.

NRK møtte Mehsud

I 2011, etter at Mehsud hadde blitt rapportert drepen opptil fleire gonger, møtte NRK terroristen, og fekk gjere eit eksklusivt intervju med mannen som sjeldan let seg intervjue.

Den gongen sa Taliban-leiaren at dei pakistanske styresmaktene er som marionettar for USA, og at den pakistanske regjeringa er ei slaveregjering som vert styrt av det USA-vennlege militæret.

SISTE NYTT

Siste nytt