Hopp til innhold

Sveitsar arrestert etter Marokko-drapa

Ein mann som bur i Marokko, men som har sveitsisk og spansk pass, er arrestert og mistenkt for å ha ei sentral rolle i rekrutteringa av terroristar i Marokko.

MOROCCO-DENMARK-NORWAY-CRIME-TOURISM

Byen Imlil i Atlasfjella har blitt sett på som fredfull, og er eit populært turistmål. No er til saman 19 menn arresterte etter at to skandinaviske kvinner vart drepne her 17. desember.

Foto: FADEL SENNA / AFP

Mannen vart arrestert i samband med etterforskinga av drapa på norske Maren Ueland og danske Louise Vesterager Jespersen som vart funne drepne i Atlasfjella, nær byen Imlil, den 17. desember.

«Ekstrem ideologi»

Den marokkanske avisa Telquel skriv at mannen opphavleg kjem frå Marokko, medan ei annan marokkansk avis, 2M, skriv at mannen er busett i Marokko.

I ei pressemelding som Telquel refererer til skriv marokkansk politi at mannen har vist at han er «gjennomsyra av ekstrem ideologi og vald», og at han er mistenkt for å ha lært opp nokre av dei drapstiltalte i ulike kommunikasjonsverktøy og skyting.

Planlagd fleire angrep

Politiet meiner mannen skal ha vore sentral i rekrutteringa av marokkanarar og andre afrikanarar til gjennomføring av terrorangrep inne i Marokko.

Mellom anna skal det ha blitt lagd planar om å angripe mot utlendingar, men også planar om å angripe tryggingsstyrkar, ta våpena deira og bruke dei.

Til saman har no 19 menn blitt arresterte etter drapa i Marokko, deriblant dei fire hovudmistenkte som skal ha utført drapa. Marokkansk etterretning seier desse mennene er «einsame ulvar», og at dei ikkje er koordinerte av IS, som dei fire mennene tidlegare har sverja truskap til.

SISTE NYTT

Siste nytt