Hopp til innhold

Styresmaktene vurderer å stenge populær strand i Phuket

Stranda like ved flyplassen i Phuket tiltrekker seg flyspottarar frå heile verda. No vurderer thailandske styresmakter å fjerne turistane som valfartar til området for å ta selfie.

Mai Khao Beach ved flyplassen i Phuket, Thailand

På Mai Khao Beach i Phuket samlast flyspottarar frå heile verda fordi dei kjem så tett på landinga ved flyplassen.

Foto: © Athit Perawongmetha / Reuters / Reuters

Like ved rullebana til flyplassen i Phuket i Thailand ligg ettertrakta Mai Khao Beach. Flyspottarar reiser hit frå heile verda.

Dei jaktar på det perfekte biletet av flytrafikken, gjerne med seg sjølv i det same biletet. Det er få andre plassar ein kjem så tett på flytrafikken som akkurat på denne stranda.

Sanden er glovarm, himmelen er som regel alltid blå og dei besøkande søker ly i skuggen av nokre tre. Når flya dukkar opp i horisonten og gjer seg klar til landing, kjem flyspottarane ut i strandkanten for å fange blinkskotet.

Video av fly som landar på Mai Khao Beach.

Uroa for tryggleiken

Men i mange år har styresmaktene på flyplassen Phuket i Thailand vore uroa for tryggleiken til flyspottarane. Dei er også redde for at dei besøkande på stranda kan vere ein tryggleiksrisiko for flyplassen.

Chula Sukmanop er direktør for luftfartsstyremaktene i Thailand, the Civil Aviation Authority of Thailand (CAAT). I eit intervju med CNN Travel fortel han at dei jobbar saman med dei lokale styresmaktene for å finne ei løysing.

– CAAT må sørge for at tryggleiken å alle flyplassar følgjer internasjonale standardar. Vi vurderer å halde turistar lenger unna flyplassen, men det er ikkje endeleg bestemt enno, fortel Sukmanop til reisemagasinet.

The Princess Juliana International Airport

Et fly lander ved Princess Juliana International Airport aust i Karibien.

Foto: Judy Fitzpatrick / AP

Del av nasjonalpark

Men å flytte turistane er ikkje like enkelt sagt som gjort. Stranda er ein del av nasjonalparken Sirinath. Dermed er det ikkje lett å sette opp restriksjonar rundt Mai Khao Beach.

I mellomtida er det sett opp skilt som åtvarar om farane det er å stå for nært flya ved landing og avgang.

– Det er ikkje ulovleg å ta bilete av flya, men å ta seg inn på det asfalterte området på flyplassen er ulovleg. Det er ei gråsone der vi må vurdere om bileta er meint for å ramme tryggleiken på flyplassen. Det er i så fall ulovleg, seier Sukmanop til reisemagasinet.

Dei meir hardbarka flyspottarane er nok på jakt etter noko meir enn berre ein selfie med flya. Via nettstader som flightradar.com held dei kontroll på kva fly som nærmar seg flyplassen.

– Eg kjenner til entusiastar frå heile verda som reiser hit. Variasjonen av flytypar du kan sjå er ganske imponerande, Matt Falcus, mannen bak airportspotting.com til CNN Travels.

B-52 bombefly fløy over Namsos i dag.

B-52 bombefly fløy over Namsos i dag.

SISTE NYTT

Siste nytt