NRK Meny
Normal

Strid om skarpskyttarar i Kiev

Estlands utanriksminister Urmas Paes seier at skarpskyttarane på taka rundt Sjølvstendeplassen i Kiev under blodbadet 20.- og 21. februar, tok livet av både demonstrantar og politifolk.

Døde i lobbyen på Hotell Ukraina i Kiev.

Lobbyen på Hotel Ukraina like ved Sjølvstendeplassen vart gjort om til sjukestove og likhus.

Foto: DAVID MDZINARISHVILI / Reuters

94 menneske vart drepne og rundt 900 såra på Sjølvstendeplassen i sentrum av Kiev dei dramatiske dagane i februar, både politifolk og sivile demonstrantar. Etter blodbadet vart den russiskvenlege presidenten Viktor Janukovitsj avsett, og opposisjonen tok over regjeringsmakta.

Dei nye makthavarane sa at det var Janukovitsj-regimet som hadde plassert ut skarpskyttarane, og det vart også hevda at dei kunne vere russarar. Dette har blitt avvist av det gamle regimet. Viktor Janukovitsj har nekta på alle skuldingar om han skulle ha gitt ordre om å skyte mot demonstrantar.

– Element frå opposisjonen

William Hague (t.v.) og Urmas Paeet.

Urmas Paet (t.h., her saman med William Hague, var sjokkert over opplysningane om at skarpskyttarar hadde skote både politifolk og demonstrantar i Kiev.

Foto: FRANCOIS LENOIR / Reuters

Eit telefonopptak mellom to EU-leiarar har no sått tvil om versjonen til dei nye makthavarane i Kiev.

Det aktuelle opptaket er av ein telefonsamtale mellom utanriksministeren i Estland, Urmas Paet, og EUs utanrikssjef Catherine Ashton, etter at Paet vitja Kiev 25. februar.

Her fortel Paet at han har snakka med ein lege, Olga Bogomolets, som hadde undersøkt mange av dei døde. Paet seier at ho var sikker på at det var dei same skarpskyttarane som hadde skote både demonstrantar og politifolk. Legen slo fast at det var brukt same type kuler, og at skotsåra var svært like, sa han.

Den engelskspråklege russiske avisa Russia Today tolkar desse opplysningane som at element frå opposisjonen, som seinare tok makta, kan ha plassert ut skarpskyttarane på taka rundt Sjølvstendeplassen.

Bogomolets avviser

I dag har The Telegraph snakka med Olga Bogomolets, og ho nektar for å ha sagt det den estiske utanriksministeren seier at ho har sagt. Ho fortel den britiske avisa at ho berre hadde undersøkt døde demonstrantar, ikkje politifolk. Ho gjentek at det er naudsynt med ei uavhengig gransking av det som skjedde, slik at det kjem fram kven som gav ordre om å bruke skarpskyttarar.

Ho seier at ho har fått forsikringar frå den nye regjeringa i landet at ei etterforsking av det som skjedde har starta, men at ho ikkje har blitt kontakta av dei som etterforskar saka.

Ho kan ikkje gå god for påstanden om at opposisjonen kan ha hyra inn skarpskyttarane

LES OGSÅ: Buet på løslatt Timosjenko på Maidan-plassen

LES OGSÅ: Strømmer til for å hjelpe medborgerne i Kiev

Uavhengig gransking

Olga Bogomolets var sjeflege på den mobile klinikken på Sjølvstendeplassen. Ho tok seg av dei døde, behandla dei hardast skadde og hjelpte til med organisere transporten av såra til naboland som hadde sagt seg villige til å ta mot dei.

Urmas Paet uttrykte uro overfor Catherine Ashton over det faktum at dei nye makthavarane i Ukraina ikkje var villige til å ta initiativ til ei uavhengig gransking av det som hadde skjedd..

Catherine Ashton sin reaksjon var : – Dette er forferdeleg. Dette må vi granske.

Kiev døde

94 menneske vart drepne på Sjølvstendeplassen i Kiev dei dramatiske februardagane.

Foto: VASILY FEDOSENKO / Reuters

LES OGSÅ: Nye sammenstøt i Kiev – minst 27 døde

LES OGSÅ: Demonstranter nekter å gi seg: – Dette er allerede en borgerkrig

– Opptaket er ekte

Det estiske utanriksdepartementet har seinare stadfesta at opptaket av samtalen er ekte, men dei nektar for at Urmas Paet har sagt noko om at dei nye makthavarane var involverte.

Han var likevel klar på at dersom dei nye leiarane ikkje ville ha ei uavhengig gransking av det som skjedde, ville det diskreditere dei.

LES OGSÅ: Askim-mann tett på demonstrasjonene i Kiev

Skarpskyttere i Kiev.

Skarpskyttar og politi i aksjon i Kiev. Biletet er sendt ut av den høgreorienterte organisasjonen Svoboda, som er med i den nye regjeringskoalisjonen i Ukraina.

Foto: HANDOUT / Reuters

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt