Ein talsperson frå den ukrainske tryggingstenesta SBU seier til Reuters at dei gjennomførte eit stort droneangrep søndag.
Over 40 russiske militære fly skal vere trefte, i operasjonen med kodenamnet «spindelvev».
Bilder delt på Telegram skal vise droner og kasser som angivelig ble brukt i angrepene mot flybaser i Russland søndag 1. juni 2025.
Foto: Telegramkanalen Trukha Ukraina / NRKDronene skal ha blitt fraktet inn i Russland i disse trekassene. Kassene kan åpnes med et fjernstyrt signal, starte dronene og styre de mot målet, ifølge førsteemanuensis ved luftkrigsskolen, Lars Peder Haga.
Foto: Telegramkanalen Trukha Ukraina / NRKBildene er hentet fra den ukrainske nyhetskanalen på Telegram «Trukha Ukraina» og blitt delt av flere medier.
Foto: Telegramkanalen Trukha Ukraina / NRK
Droneangrepa var mot flybasar i regionane Murmansk, Irkutsk, Ivanovo, Ryazan og Amur, ifølgje det statlege russiske nyheitsbyrået Interfax.
Det russiske forsvarsdepartementet kallar angrepa for terror. Ukraina sin president, Volodymyr Zelenskyj, hyllar operasjonen.
– Resultatet er heilt strålande, uttalte Zelenskyj på Telegram.

Volodymyr Zelenskyj hadde eit møte med leiaren for den ukrainske tryggingstenesta, Vasyl Malyuk, sundag.
Foto: HANDOUT / AFP / NTBHan legg til:
– Desse handlingane frå Ukraina vil definitivt bli omtalte i historiebøkene.
– Spektakulært
Zelenskyj gjer fleire detaljar om angrepet.
– Operasjonen har gått frå startstadiet til effektiv gjennomføring på eitt år, seks månader og ni dagar.
Han legg til at folka som gjorde førebuingar til operasjonen, er trekte tilbake frå russisk territorium.

Bildet utdelt av Ukrainas tryggingsteneste (SBU) viser SBU-leder Vasyl Malyuk som ser på et kart over ein russisk militærbase.
Foto: SBU / AFP / NTB– Angrepet er både spektakulært og strategisk viktig, seier hovudlærar på Krigsskolen, Palle Ydstebø.
Han forklarer at det verkar som om Ukraina har brukt lastebilar med konteinarar for å transportere dronane nær flyplassane i Russland. Så har dronane blitt fjernstyrte frå Ukraina.

Ein video delt av fleire medium, og ein sibirsk nyheitskanal på Telegram, skal vise dronar som flyr ut av kassene de blei frakta inn i Russland med.
Tormod Heier, professor ved Forsvarets høgskole, ser på angrepet som ein stor siger for Ukraina.
– Det ser ut til å vere godt planlagt – både når det gjeld tidspunkt og geografi.
Ukrainsk angrep mot russiske militærbasar
Kva har skjedd? Førebels har det kome fleire meldingar om droneangrep ulike stader i Russland. Ein talsperson for den ukrainske tryggingstenesta SBU seier at dei har treft over 40 russiske militære fly.
Kvifor er dette annleis enn tidlegare angrep? Eitt av angrepa skal vere mot ei militær eining i Sibir. Det er i så fall det første ukrainske droneangrepet mot Sibir. Området ligg nemleg over 4000 kilometer frå den ukrainske grensa.
Ifølge den lokale guvernøren har det òg vore eit angrep mot Murmansk i Russland, som ligg cirka 220 kilometer frå Kirkenes. Det ligg nesten 2000 kilometer frå den ukrainske grensa.
Korleis har Ukraina fått til eit slikt angrep? Det veit me førebels ikkje. Men ei anonym kjelde i den ukrainske tryggingstenesta seier til Kyiv Independent at det heile starta med at Ukraina smugla dronar inn i Russland.
Dei har så gjemt dronane under taket på lastebilar som køyrde til ulike stader i landet. Ifølge den anonyme kjelda vart taka deretter opna med fjernstyring så dronane kunne fly ut.
Operasjonen skal ha vore under planlegging i halvtanna år og ha fått kodenamnet «Edderkoppnett».
«Psykologisk overtak»
Søndag kunngjorde Zelenskyj òg at Ukraina vil møte Russland til samtalar i Istanbul måndag.
– Ukraina forsvarar seg sjølv. Vi gjer alt vi kan for å få Russland til å føle behovet for å avslutte denne krigen. Russland starta denne krigen, og Russland må avslutte den, uttalte Zelenskyj etter angrepa.
Heier meiner Ukraina kan få eit «psykologisk overtak» over Russland etter angrepet søndag. Difor er det eit godt tidspunkt frå eit strategisk ukrainsk perspektiv.

Tormod Heier er professor ved Forsvarets høgskole.
Foto: NTBDet er òg strategisk fordi Ukraina har gått til angrep på fire viktige flybasar.
Heier meiner Ukraina sannsynlegvis har brukt satellittdata til å gjennomføre angrepet.
– Dette er teknologi som først og fremst kjem frå USA. Sånn sett er det eit uttrykk for at amerikanarane truleg har hjelpt ukrainarane.
USA visste ikkje om angrepsplanane på førehand, uttalar ukrainske styresmakter til nyheitsbyrået Reuters.

Klippet er del bredt på sosiale medium, blant anna av guvernøren i Irkutsk.
– Ingenting å restaurere dei med
Russiske bombefly blir brukt til å skyte kryssarrakettar mot ukrainske byar og straumforsyningar.
– Rapportar seier at Russland har 130 operative fly av denne typen, og produksjonen av nye er avgrensa. Dette representerer eit betydeleg slag mot den russiske bombeflykapasiteten, seier Ydstebø.

Palle Ydstebø, hovudlærar på Krigsskolen.
Foto: Hanna Johre/NRKVerdien på dei russiske flya som blei treft er 7 milliardar dollar, ifølgje den ukrainske tryggingstenesta. Dette utgjer 71,5 milliardar kroner.
Russiske styresmakter hevdar at angrepa vart slått tilbake, men opplyser samstundes at fleire fly tok fyr etter angrepa, ifølgje Reuters.
Den russiske militærbloggaren Rybar deler dette med sine 1,3 millionar følgarar:
– Som vi allereie har sagt, har dei strategiske luftfartøya Tu-95 og Tu-22 lenge vore ute av produksjon, og det finst ingenting å restaurere dei med. Følgeleg kan ikkje desse tapa gjenopprettast.
– I sin fulle rett
– Det var Russland som starta denne krigen, og Ukraina er sjølvsagt i sin fulle rett til å slå tilbake mot militære mål over hele Russland.
Slik kommenterer utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) droneangrepet.

Utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Håkon Benjaminsen / NRK– Her ser vi nok ein gang at Ukraina held seg til folkeretten og angrip relevante militære mål, mens Russland ofte angrip ukrainske byer og skader og drep sivile, seier Eide.
Han seier også at sjølv om dei råka basane ligg relativt nær Noreg, er det ingen grunn til at Noreg skal bli direkte råka.









