Over eit år etter at statsminister Jonas Gahr Støre var i Kyiv førre gong, er situasjonen den same. Det er framleis krig, og verken Russland eller Ukraina har gitt noko signal på at han kjem til å stanse med det første.
No er Støre på nytt i Kyiv, denne gongen personleg invitert av Zelenskyj.
– Det er symbolsk å møte opp på ein uavhengigheitsdag, seier Støre til NRK.
I dag markerer landet den ukrainske frigjeringa frå Sovjetunionen i 1991. Nasjonaldagen blir vanlegvis blir feira med militærparade, konsertar og patriotisme.
Men krigen står på, og stemninga i gatene er annleis. Øydeleggingane blir større for kvar dag, og Zelenskyj ber desperat om meir støtte.
Statsminister Jonas Gahr Støre med Ukrainas energiminister Herman Halusjtsjenko ved eit uidentifisert kraftverk.
Foto: Håvard Greger Hagen / NRKPå Sofiaplassen i Kyiv tala først Zelenskyj til det ukrainske folket:
– Vi kjemper mot fienden. Vi veit korleis vi skal finne, og vi ville vinne.
Det sa den ukrainske presidenten, før han takka ei lang rekke menneske for heroisk innsats under krigen.
President Volodymyr Zelenskyj tala først til det ukrainske folket på nasjonaldagen, før Jonas Gahr Støre kom ut.
Foto: Heiko Junge / NTBTre mål for besøket
NRK fekk bli med Støre på togturen til Kyiv. Her kunne han gi tre grunnar til besøket.
- Å uttrykke norsk støtte til ukrainsk forsvarskamp, i tillegg til politisk støtte.
- Diskusjon rundt Ukraina sin ti punkts fredsplan.
- Annonsering av den materielle støtta til Ukraina.
Noreg har allereie bunde seg til å støtte Ukraina til krigen i eit langtidsperspektiv, saman med G7-landa. Eit ledd i denne støtta er Nansen-programmet, som blei presentert av regjeringa med eit breitt fleirtal på Stortinget tidlegare i år.
Støtteprogrammet sikrar at Ukraina får 75 milliardar av Noreg – over fem år.
Under besøket delte Støre at Noreg i 2023 vil gi totalt 18,5 milliardar. Han delte støtta opp i tre kategoriar: humanitær, sivil og militær.
Minerydding og luftvern
Av militært utstyr kunne Støre fortelje at Noreg vil gi luftvernmissil av typen IRIS-T. Tidlegare har Noreg bidratt med det norskutvikla luftvernsystemet NASAMS, Mistral-missil og opplæring av ukrainske soldatar i F-16-jagarfly.
– Behovet er enormt, konstaterer Støre.
Noreg vil også donere 234 berbare sett med mineryddingsutstyr, i tillegg til sprengladningar til minerydding. Dette materiellet blir henta frå Forsvaret sine lager.
IRIS-T er ein type missil. Det norske forsvaret har tidlegare brukt denne typen i F-16-fly.
Foto: GEOFFROY VAN DER HASSELT / AFPReformer mot korrupsjon
I fjor stod Noreg for, ifølge regjeringa, ein tredjedel av Ukraina sitt importbehov for gass. Også i år vil Noreg finansiere både gass og straum for Ukraina, og gir 1,5 milliardar til to ukrainske statlege selskap. UkrEnergo og Nafrogaz. Dei to selskapa er statlege.
Men Ukraina har slite med korrupsjon i staten, og ifølge korrupsjonsindeksen til Transparency International blei Ukraina rangert som nr. 64 av 180 land i 2022.
Ifølge Støre har Noreg tatt atterhald om dette, og presiserer at dei har valt to selskap som har utført reformer og tiltak for å unngå korrupsjon.
Øyremerkt støtte
Alle milliardane har øyremerkte bruksfelt. Ein stor del av pengane dedikert til straum og gass, er øyremerkt nødstraum i område som er ramma av krigshandlingar, i tillegg til reparasjonar og gass til beredskapslagring.
Støre drar fram Kakhovka-demninga som eit eksempel på ei øydelegging som vil koste dyrt å reparere. Elvekraftverket brasa i juni i år, og førte til flaum i fleire byar i Kherson-regionen.
På oppdrag frå FN har The Conflict and Environment Observatory (CEOBS) fått i oppgåve å kartlegge skadane.
Dei fryktar enorme øydeleggingar når oppryddingsarbeidet er ferdig: Forureining, tap av økosystem og jordbruk, i tillegg til eit svekka vassprovisjon.
NRK fekk bli med statsminister Jonas Gahr Støre på togturen til Kyiv.
Foto: Håvard Greger Hagen / NRKHemmeleg besøk
Som førre gong, var besøket hemmeleg i forkant. Men denne gongen fekk NRK vere med på togturen til Kyiv.
Støre kunne fortelje at han eigentleg hadde planlagt å besøke Kyiv i mai-juni, men at besøket blei utsett på grunn av Zelenskyj sine hyppige reiser i sommar.
I fjor sommar brukte Støre opphaldet til å snakke med den ukrainske presidenten, i tillegg til å besøke krigsramma område, sjukehus og snakke med ukrainarar om opplevingane deira. Under besøket kom han med lovnad om å gi 10 mrd. kr i støtte i løpet av 2022.
Noreg gav 10,7 milliardar til saman.
Statsminister Jonas Gahr Støre besøkte Ukraina også i juli i fjor.
Foto: Javad Parsa / NTBHøyr også: