Hopp til innhold

Stengjer symbol på Bush-styret

Barack Obama underteikna i kveld lova som skal sikre at den omstridde fangeleiren i Guantanamo Bay på Cuba, blir stengd.

Guantanamo

Guantanamo-fangeleiren på Cuba skal stengjast.

Foto: LYNNE SLADKY / AP

Fangeleiren skal stengjast i løpet av året.

Den nye amerikanske presidenten underskreiv lova i Det ovale rommet i Det kvite hus, med ei gruppe pensjonerte offiserar rundt seg.

Underskrivinga fann stad etter eit møte der internering og fengsling av terrormistenkte vart diskutert.

Video nsps_upload_2009_1_22_18_37_37_3213.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Stengjer CIA-Fengsel

Obama har også gitt ordre om at alle CIA sine interneringsleirar for terrormistenkte i utlandet skal stengjast.

I ordren heiter det at CIA snarast mogleg skal steje alle fengsel som er i drift i dag, og at etterretningsorganisasjonen heller ikkje skal ha slike fengsel i framtida, opplyser ein ikkje namngitt tenestemann til AFP.

Barack Obama underteiknar lov om stenging av Guantanamo.

Barack Obama underteikna lova om stenging av Guantanamo-leiren i Det kvite hus.

Foto: SAUL LOEB / AFP

Dermed markerer Barack Obama alt på andre dagen av presientperioden sin eit brot med den utanrikspolitiske lina til forgjengaren George W. Bush.

Guantanamo-leiren har vorte eit symbol på mishandling av fangar og internering utan dom under George W. Bush sitt styre.

- Bodskapen vi sender til verda er at USA framleis skal vere aktiv i kampen mot vald og terrorisme, og at den kampen blir ført med full styrke, men med metodar som er i tråd med verdiane våre, sa Obama då han underteikna lova.

250 fangar

Det er 250 terrormistenkte i fangeleiren i Guantanamo Bay i dag. Det er klart at rundt 80 av dei kjem til å bli stilde for retten med ein terror-tiltalte. 50 blir truleg sette fri, men det kan bli vanskeleg å sende dei tilbake til heimlanda, fordi dei kan bli utsette for tortur.

Truleg vil USA be tredjeland om å ta mot dei.

Fangeleiren i Guantanamo Bay vart oppretta etter terrorangrepa mot USA 11. september 2001 i samband med krigen mot terror.

Ordren om å stengje fangeleiren på Guantanmo er eitt av tre dekret som Obama vil underteikne om behandling av krigsfangar. Han vil også gi fangar rett til å prøve om vedtaket om internering er i tråd med den amerikanske grunnlova.

Grundig saksbehandling

Alle sakene skal vurderast av justis-, forsvars- og utanriksministeren, samt ministeren for nasjonal tryggleik, den nasjonale etterretningsdirektøren og forsvarssjefen.

Ei utgreiing skal avgjerne om dei internerte skal utleverast, setjast fri eller stillast for ein amerikansk domstol.

Forsvarsministeren skal i løpet av 30 dagar undersøkje soningsforholda ved Guantanamo-leiren, og kva som kan gjerast for å gjere dei meir humane.

Forsvarsministeren skal sørgje for at alle militære rettssaker blir stansa i 30 dagar.

Obama omgitt av ei gruppe pensjonerte offiserar.

Barack Obama omgitt av ei gruppe pensjonerte offiserar i det ovale rommet.

Foto: SAUL LOEB / AFP

SISTE NYTT

Siste nytt