Demonstrasjonane i dei palestinske områda i dag likna på tumultane frå den første tida av det palestinske opprøret som starta i månadasskiftet august/september 2000. Dagen i dag vart erklært som ein "vredens dag" langs den 180 kilometer lange barrieren, også det etter mønster frå starten av det palestinarane kallar den andre intifadaen.
Det var store demonstrasjonar langs heile den israelske tryggingsmuren på Vestbreidda i dag. (Foto: AP/Scanpix)
Fleire ortodokse jødar demonstrerte mot den israelske tryggingsmuren i Haag. (Foto: Reuters/Scanpix)
Arafat
Den palestinske presidenten Yasir Arafat oppmoda i ein fjernsynstale sine undersåttar til å halde fram med demonstrasjonane mot den israelske tryggingsmuren. - Det blir aldri fred så lenge muren er der, sa den aldrande presidenten frå sitt hovudkvarter i Ramallah.
Statsminister Ahmed Qurie talte til folkemengda i heimbyen Abu Dis. - Vi seier til dommarane i Haag. Høyr kva det palestinske folket har å seie. Dei vil ikkje inngå kompromiss når det gjeld deira rettar, sa han til dei frammøtte.
Abu Dis er ein av byane på Vestbreidda som blir hardast ramma av den israelske tryggingsmuren, og det braut ut kraftige samanstøytar mellom demonstrantar og israelske soldatar etter at Qurie hadde tala til dei frammøtte.
Stein og tåregass
Demonstrantane ropte "Allah Akbar", Gud er stor, og kasta stein på soldatane, som svarte med å skyte råegassgranatar. Det var harde samanstøytar også ved landsbyen Deir Ghusun, like ved Tulkarem, men ingen vart alvorleg skadde.
Det var uro også ved Rakels grav i Betlehem, der rundt 2000 palestinarar marsjerte i protest mot dei israelske planane om å leggje tryggingsmuren rundt den jødiske heilagdomen.
I Kalkylia deltok 5000 menneske i demonstrasjonane mot den åtte meter høge muren som går rundt byen.
Israelske demonstrantar framfor bussvraket dei hadde teke med til Haag. (Foto: AP-Scanpix)
Haag
I Haag i Nederland demonstrerte både israelarar og palestinarar for sine synspunkt utanfor bygningen der Den internasjonale domstolen starta behandlinga av den israelske tryggingsmuren. Men nederlandsk politi hadde sytt for at demonstrantane ikkje oppheldt seg på staden til same tid, så alt gjekk roleg føre seg.
Dei israelske demonstrantane hadde teke med seg restane av ein buss som vart sprengd i lufta i ein palestinsk sjølvmordsaksjon i Jerusalem i januar til Haag. Dette for å vise kvifor dei meiner det er naudsynt med ein tryggingsmur, nemleg å hindre slike terrorhandlingar.
Det var kraftig uro fleire stader langs den israelske tryggingsmuren på Vestbreidda i dag. (Foto: AP/Scanpix)
Anstendig liv
- Vi må halde mordarane borte frå folk som berre vil leve eit anstendig liv, sa Carrie Devorah, syster til ein av dei 11 israelararne som vart drepne i terroraksjonen i Jerusalem 29.januar, til nyheitsbyrået Reuters.
Sist søndag vart åtte israelarar drepne og over 60 skadde då ein palestinsk mann sprengde seg sjølv i lufta inne i ein buss i Jerusalem. - Nok eit bevis på at det er naudsynt med ein tryggingsmur, meinte demonstrantane.
Dei palestinske demonstrantane i Haag hadde slagord som "The wall must fall", muren må falle, og "No justice, no peace, ingen fred utan rettferd.
Den israelske tryggingsmuren går fleire kilometer inn på palestinske område. (Foto: AFP/Scanpix)