Hopp til innhold

Statsrådskandale stadig verre

Tre ferske svenske statsrådar er melde til politiet for ikkje å ha betalt fjernsynslisensen.

Sveriges nye kulturminister Cecilia Stegö Chilò
Foto: LEIF R JANSSON / SCANPIX / SCANPIX

Samstundes er ein fjerde statsråd også skulda for økonomisk rot.

Det er privatpersonar som har meldt dei tre statsrådane, kulturminister Cecilia Stegö Chilò, handelsminister Maria Borelius (begge frå Moderatarna) og innvandringsminister Tobias Billström (Centern).

 

Cecilia Stegö Chilò har ikkje betalt fjernsynslisensen på 16 år, og er den av statsrådane som er ute i hardast vèr.

 

Sveriges statsminister Fredrik Reinfeldt
Foto: BOB STRONG / REUTERS

 Har fått gjennomgå

Ho har verkeleg fått gjennomgå i svensk presse den korte tida ho har vore kulturminister. Det starta med at det var ukjent for henne at ho som kulturminister også var ansvarleg statsråd for idrett.

Seinare kom det fram at ho i fleire år hadde hatt svart dagmamma, og deretter vart det kjent at ho ikkje hadde betalt fjernsynslisensen på 16 år. Mannen hennar betalte for det siste året like før ho vart utnemnd til kulturminister.

NRKs korrespondent i Stockholm, Berit Rekaa, seier at Chilò har nekta å seie noko om kvifor ho ikkje har betalt fjernsynslisensen, som alle med fjernsyn er forplikta til å betale. Ho seier berre at det var ein tabbe å ikkje gjere det.

Politiske kommentatorar i Sverige meiner det er ideologiske grunnar til den manglande betalinga, at ordninga med fjernsynslisens, som er lik ordninga vi har i Noreg, er i strid med hennar politiske grunnsyn.

Dette nektar ho å kommentere.

Skuffa statsminister

Ho er likevel politisk svekt, og Berit Rekaa trur ikkje at ho toler ein skandale til. Statsminister Fredrik Reinfeldt seier han er skuffa over at Cecilia Stegö Chilò ikkje har betalt fjernsynslisensen, men at han framleis er innstild på å gi henne ein sjanse til å vise at ho kan bli ein god kulturminister.

Rykta kan fortelje at Reinfeldt skal ha blitt skikkeleg sint etter at det kom fram at kulturministeren ikkje hadde betalt lisensen på så mange år.

Som kulturminister er ho også ansvarleg statsråd for svensk radio og fjernsyn. Etter svensk lov risikerer personar som ikkje betalar lisensen fengselsstraff.

Svart dagmamma

Også handelsminister Maria Borelius har vedgått å ha betalt dagmamma svart i fleire år, og ho hadde ikkje betalt fjernsynslisensen for siste året. Dei siste åra har ho likevel betalt dagmammaene etter lova.

Innvandringsminister Tobias Billström har også vedgått å betalt dagmammaen svart og å ikkje å ha betalt fjernsynslisensen siste året.

I dag vart det også kjent at miljøvernminister Andreas Carlgren (Centern), hadde oppgitt feilopplysningar om inntektene sine til riksdagsadministrasjonen. Han måtte betale tilbake 120.000 kroner han hadde fått frå Riksdagen fordi han ikkje hadde oppgitt alle inntektene sine frå Centerpartiet og frå selskapet Vin og Sprit.

Carlgren seier til TT at han sjølv tok kontakt med riksdagsadministrasjonen for å kontrollere at han hadde gjort alt rett, og at han betalte pengane tilbake så snart han fekk stadfesta at han hadde gjort feil.

Svin på skogen

Korrespondent Berit Rekaa fortel at svensk presse no er på jakt etter svin på skogen hos svenske statsrådar. Ho meiner statsminister Fredrik Reinfeldt er politisk svekt etter det som har skjedd, først og fremst fordi han ikkje får merksemd på grunn av politikken, berre på grunn av skandalane.

I går var det partileiardebatt i Sverige i forkant av at statsbudsjettet skal leggjast fram i morgon. Tidlegare statsminister Göran Persson gjekk hardt ut mot den svenske regjeringa. Berit Rekaa kan fortelje om ein eks-regjeringssjef i storform under debatten.

Ho fortel også at statsminister Reinfeldt no fryktar auka politikarforakt i Sverige som følgje av denne saka.

SISTE NYTT

Siste nytt