Hopp til innhold

Sprenger tunnel­systemet under Gaza

Det israelske forsvaret skal ha sprengd meir enn 100 tunnelsjakter i Gaza. Ifylgje forsvarskjelder går krigen no inn i ein ny fase.

Israelsk soldat ved tunnelopning i Gaza

Hamas sitt tunnelsystem under Gaza er eit mål for det israelske forsvaret. Bildet er frå ein video frigjeve av israelske styresmakter.

Foto: AFP

– Vi kan ikkje avbryte kampane før Hamas er nedkjempa og gislane er frigjorde, seier den israelske forsvarsministeren Yoav Gallant om framrykkinga til hjartet av Gaza by tysdag.

Det israelske forsvaret (IDF) skal no ha identifisert og øydelagd meir enn 100 tunnelsjakter i byen, ifylgje Reuters. IDF har ikkje stadfesta desse opplysningane.

Les også «Gaza Metro» – Hamas' farligste våpen mot en israelsk bakkeinvasjon

En væpnet palestiner i en tunnel sør på Gaza-stripen i 2015.

Fem kjelder skal ifylgje Reuters ha sagt at å setje tunnelsystemet under Nord-Gaza ut av spel er ein grunnleggande del av den neste delen av den israelske offensiven. Det er venta at denne vil ta tid.

Hamas har kjempa mot israelske styrkar som dei siste dagane har rykka fram og inn i Gaza by.

Mykje av motstanden har vore mogleg ved å fyre av granatar frå tunnelopningar, for deretter å dukke opp andre stader og halde fram åtaka.

Hevdar å ha drepe Hamas-topp

I ei kunngjering onsdag seier IDF at styrkane deira held fram på Gazastripa ved å «drepe terroristar og rette luftåtak mot terror-infrastruktur».

IDF hevdar at dei med denne aktiviteten har drepe ein høgtståande Hamas-leiar, skriv forsvaret på Telegram.

Saman med tryggleikstenesta Shin Bet omtalar IDF den drepne Mohsen Abu Zina som «ein ekspert på å utvikle strategiske våpen og rakettar».

Han skal ha blitt drepen i eit flyåtak tidlegare i veka. Opplysningane er ikkje stadfesta frå Hamas eller andre hald.

Auka diplomatisk press

Samstundes har talet på omkomne på begge sider halde fram med å auke. Det Hamas-styrte helsedepartementet opplyser at 10.328 menneske er drepne i israelske åtak.

Hamas-åtaka mot Israel 7. oktober kravde over 1400 liv på israelsk side. Sidan skal 348 israelske soldatar ha mista livet, ifylgje IDF.

Palestinarar går mellom husruinar i Gaza

Palestinarar går med eigedelane sine mellom husruinar i Gaza by tysdag.

Foto: STRINGER / Reuters

Verdssamfunnet, med FN-generalsekretær António Guterres i spissen, har bede om ein humanitær våpenkvile. Situasjonen for sivile i Gaza blir skildra som ekstrem.

Tysdag snakka den amerikanske presidenten med statsminister Netanyahu, der Joe Biden bad om ein pause.

I Tryggingsrådet har det vore diskusjon om ein skal be om våpenkvile eller humanitær pause. Grunna usemje har det ikkje blitt vedtatt nokon resolusjon i FN-organet.

Utanriksminister Antony Blinken på G7-møtet i Tokyo

Den amerikanske utanriksministeren Antony Blinken deltar onsdag på G7-utanriksministermøtet i Tokyo.

Foto: TOMOHIRO OHSUMI / AFP

Netanyahu har sagt at det er uaktuelt med våpenkvile før dei 240 gislane og krigsfangane Hamas har tatt blir lauslatne.

G7-landa seier i ei fråsegn onsdag at dei støttar ein humanitær pause i krigshandlingane.

Utanriksministrane frå dei sju rikaste industrilanda i verda kritiserer Hamas-åtaket mot Israel, men ber samstundes om «omgåande handling» for å få inn naudhjelp til sivilbefolkninga.

G7 skriv at dei støttar Israel sin rett til å forsvare seg i samsvar med folkeretten, men fordømmer «auken i ekstremistisk busettarvald mot palestinarar» på den okkuperte Vestbreidda.

– Trur ikkje Hamas kan knusast

For den israelske regjeringa og statsminister Benjamin Netanyahu er det eit uttalt mål å «fjerne Hamas frå jorda si overflate». Det kan vere eit vanskeleg mål.

– Det avheng av kva ein definerer som Hamas, og kva Israel eigentleg meiner, seier seniorforskar Jørgen Jensehaugen ved Institutt for fredsforskning (Prio) i Oslo til NTB.

Han viser til at Hamas både er eit politisk parti som i praksis har vore statsberande på Gazastripa, i tillegg til å vere ei militær fløy. Den politiske maktfaktoren er vanskeleg å fjerne, meiner Jensehaugen.

Les også Frykter gatekamper i Gaza: – Antall drepte vil bli mye, mye større

Israel Palestinians

– Det bur palestinske flyktningar i alle land i regionen, og Hamas er i likskap med andre politiske fraksjonar til stades i flyktningleirane. Ein kan ikkje knuse den rørsla utan å knuse ho òg i eksil, seier han.

SISTE NYTT

Siste nytt