Hopp til innhold

Skuldar Pakistan for tog-terror

Indisk politi skuldar den pakistanske etterretningstenesta og den militante gruppa  Lashkar e Taiba for terrorbombene i Mumbai 11. juli i år.

Politibetjenter ved togvraket på Matunga-stasjonen i Mumbai.
Foto: Aijaz Rahi / Scanpix/AP

186 menneske vart drepne av bombene som var plasserte på fleire tog i rushtida. Over 800 menneske vart skadde.

Politisjefen i Mumbai, A. N. Roy, sa på ein pressekonferanse i dag at det var den pakistanske, militære etterretningstenesta og Lashkar e Taiba som planla terroraksjonen.

Lokal hjelp

Dei fekk hjelp av av lokale folk, la han til.

Pakistanske styresmakter har avvist alle skuldingar om at landet har hatt noko med terrorbombene i Mumbai å gjere.

Den pakistanske viseinformasjonsministeren, Tariq Azim Khan, seier i ein kommentar i dag at India hittil ikkje har lagt fram prov for pakistansk deltaking i bombeangrepa.

- Som vanleg skuldar India på Pakitan utan å ha prov for det. Om dei har prov bør dei leggje dei fram for oss, og vi skal etterforske det, seier han.

 Arrestasjonar

Fråsegna frå politiet i Mumbai, den økonomiske hovudstaden i India, kjem dagen etter at fleire personar vart arresterte for å ha vore delaktige i terroraksjonen. Blant dei arresterte er en ingeniør, ein journalist, ein dataekspert og ein lege.

Det var i alt sju kraftige eksplosjonar som ramma pendlartog og sjølve togstasjonen i den indiske storbyen. Politiet peike tidleg ut Lashkar e Taiba som gruppa som stod bak terrorhandlinga, men det er første gong pakistanske styresmakter blir trekte inn.

Bombet tog i Mumbai
Foto: Punit Paranjpe / Scanpix/Reuters

 

SISTE NYTT

Siste nytt