Hopp til innhold

Skjelpadder invaderte flyplassen

150 skjelpadder på jakt etter ein stad å leggje egg, skapte store forseinkingar på JFK-flyplassen i New York i dag, opplyser luftfartsstyrsmaktene i byen.

Flyplass-skjelpaddene på vandring på JFK.

Flyplass-skjelpadder på vandring på JFK i New York onsdag.

Foto: Ap

Dei 150 saktegåande diamantskjelpaddene starta vandringa si inn på flyplassområdet klokka 06:45 lokal tid, klokka 12:45 norsk tid. Invasjonen førde til at ei av rullebanene og fleire taksebaner måtte stengjast, slik at trafikken måtte flytte over til andre rullebaner.

Og dette skjedde på ein av dei største og travlaste flyplassane i verda.

Det førde til forseinkingar på rundt ein halv time, opplyser flyplassleiinga til nyheitsbyrået AP.

No er ikkje dette noko nytt fenomen på JFK-flyplassen , som ligg like ved Jamaica Bay i bydelen Queens. Kvart år i slutten av juni eller byrjinga av juli kjem skjelpaddene ut av bukta på veg til ei strand der dei kan leggje egga sine.

Flyplassen er bygd på eit nasjonalparkområde, så her har skjelpaddene førsterett framfor flya.

SISTE NYTT

Siste nytt