Hopp til innhold

Sju drepne ved ein feil

Sju afghanske politifolk vart drepne av amerikanske soldatar i natt etter ei misforståing, opplyser afghanske styrsemakter.

Kart over internasjonale tropper i Afghanistan

Oversikt over dei internasjonale styrkane i Afghanistan

Foto: Grafikk / NRK

Det er uklart kva som eigentleg skjedde rundt midnatt lokal tid i det austlege Afghanistan, men dei amerikanske styrkane gjekk til angrep på ei politistilling i Nangarhar-provinsen.

Sju politifolk vart drepne og fem andre vart såra, opplyser talsmannen for det afghanske innanriksdepartementet, Zemarai Bashary.

Ein lokal guvernør seier at politimennene vart drepne i eit amerikansk luftangrep, etter at ei politistilling kom under eld frå Taliban-opprørarar. Polifistyrkane bad om amerikansk hjelp, men vart altså sjølve bomba.

Ein Taliban-talsmann seier på telefon til Reuters at dei drap 12 politifolk i angrepet.

 13 afghanske politimenn er sakna etter kamphandlingar i Khogiani-distriktet i Nangarhar-provinsen, som grensar mot Pakistan. Det er uklart om dette har med same angrepet å gjere.

Ein NATO-soldat er drepen i ein eksplosjon i Sør-Afghanistan, opplyer NATO. Det er uklart kva nasjonalitet soldaten har. To andre vart såra, blir det opplyst.

Samstundes seier ein amerikansk militær talsmann at amerikanske og afghanske styrkar har drepne minst 24 Taliban-opprørarar sør i landet. Dette skjedde under eit åtte timar langt slag i går i distrkktet Shah Wali Kot.

 

 

 

SISTE NYTT

Siste nytt