Hopp til innhold

Sju drepne av bombe i Afghanistan

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Fire politifolk og tre sivile vart drepne i ein bombeeksplosjon i Kunduz-provinsen i det nordlege Afghanistan i dag.

Provinsguvernør Mohammar Omar i Konduz seier til Reuters at bomba var plassert på ein motorsykkel, og at mange vart såra i eskplosjonen. Også fleire butikkar fekk store skadar.

Oppøreret mot den afghanske regjeringa og den internasjonale styrken er no på sitt mest intense sidan den USA-leidde invasjonen i Afghanistan etter terrorangrepa mot USA 11. september 2001.

Talet på drepne sivile, afghanske soldatar og afghanske sivile har aldri vore høgare enn no.

Ein rapport frå FN viser at det første halvår i år var ein auke i talet på drepne sivile med 31 prosent. Meir enn tre firdeler av desse har mist livet i angrep frå opprørara, medan den internasjonale styrken er ansvarlege for 12 prosent av dei sivile tapa.

Kunduz-provinsen har lenge vore eit av dei fredelegaste områda i Afghanistan, men det siste året har Taliban og andre opprørsgrupper trappa opp angrepa sine her..

Dei norske styrkane har hovudkvareteret sitt i Mazar-e Sharif i det nordlege Afghanistan, naboprovinsen til Kunduz.

LES OGSÅ: Robert Gates på plass i Afghanistan

LES OGSÅ: Robert Gates på plass i Afghanistan

LES OGSÅ: Drept under valgkamp for kvinne

LES OGSÅ: USA ført bak lyset av Pakistan?

SISTE NYTT

Siste nytt