Hopp til innhold

Sjølve symbolet på terroren

I Verden på lørdag-kommentaren skriv Gunnar Myklebust om det som har skjedd i Kambodsja denne veka.

Kaing Guek Eav, aka Duch, på forsidene av avisene i Kambodsja

Duch på forsidene av avisene i Kambodsja.

Foto: CHOR SOKUNTHEA / Reuters

Kommentar: Gunnar Myklebust
Foto: NRK

Da dommen i Phnom Penh fall sist mandag, bøygde den tidlegare matematikklæraren Kaing Guek Eav hovudet lett mot rettens formann med handflatene saman på den tradisjonelle måten å vise respekt på. Han visste at han kan vere ein fri mann igjen om 13 år.

67-åringen med tilnamnet «Duch» var med på eitt av dei verste massedrapa i det forrige århundre.

Sjølve symbolet på terroren

Duch var sjefbøddelen til Røde Khmer-regimet, som i siste halvdel av 70-åra skulle gjøre Kambodsja om til ein politisk utopi og sendte millionar av menneske ut av byen for å arbeide på enorme kollektivbruk - i praksis i døden gjennom svolt og sjukdom, overarbeid og direkte avretting.

Duch hadde ansvaret for fengslet S-21, som blei sjølve symbolet på terroren. Hit blei tusentals sendte for å bli torturerte til å tilstå spionasje og andre brotsverk som dei vanskeleg kunne ha utført, før dei blei drepne.

Her klarerte Duch på ein enkelt sommardag i 1977 drapet på 160 barn. Han har vedgått over 12.000 slike drap, men ba likevel under rettssaka om å sleppe straff.

Fordi han bare gjorde det han fekk ordre om, og var redd for sitt eige liv.

Blei tvunge til å ete ekskrement

Dommen er vanskeleg å fatte for folk i Kambodsja.

– Eit slag i andletet, seier Chum Mey, ein av bare sju som i dag lever etter å ha vore i S-21. Mey overlevde fordi han var ein nyttig mekanikar som kunne reparere symaskinar og vasspumper.

– Duch får mat tre gonger om dagen i ei komfortabel fengselscelle med vifte og luftkondisjonering, seier Mey, som sjølv sat i filler på golvet og blei tvunge til å ete ekskrementa rundt seg, blei slått med bambusstenger og fekk elektrisk sjokk gjennom hovudet, og tåneglane rivne ut.

I fengslet til Duch blei fangane utsette for simulert drukning og barn tidvis drepne ved å bli kasta ut gjennom vindauga. Mey var vitne til at kona og barnet hans blei jagde ut på rismarkane for å dø som målskive for Røde Khmer-soldatar.

Duch er dømt til 30 års fengsel, minus elleve i varetekt, og kanskje minus enda seks år for god oppførsel.

«Arkitektane» avviser alle skuldingar

I eit land der simple tjuvar og politisk opposisjonelle blir straffa hardare, har folk vanskeleg for å ta dommen inn over seg. Der mange andre meiner den FN-støtta domstolen har passert ein historisk milepæl, har denne første dommen mot Røde Khmer opprørt og skuffa folk i Kambodsja så sterkt at tillitten til heile rettsprosessen står i fare.

Den kom seint i gang, har gått veldig sakte og kosta enormt. Og alt tyder på at den vil stanse når sakene mot dei fire andre som er arresterte, er avslutta om fem år.

Sakene mot dei fire - blant andre Røde Khmers president Khieu Samphan - blir både vanskelegare og meir politiserte, spår observatørane. Der Duch tok på seg skyld og uttrykte anger, avviser dei alle skuldingar.

Dette var arkitektane bak terroren, dei som ga ordrane, men passa på å holde seg langt unna når dei blei gjennomførte.

Statsministeren håper tribunalet mislykkast

Domstolens største problem er at den ikkje har tillit hos styremaktene i Kambodsja. Dagens regjering har sterke historiske band til Røde Khmer. Fleire av ministrane var med på tildels høgt nivå og er lite interesserte i å koste opp meir støv.

Statsminister Hun Sen var sjølv tidlegare Røde Khmer-kader i mellomskiktet og har sagt at han håper tribunalet mislykkast. Han har sagt at landet sjølv kan ta oppgjøret med Røde Khmer og har gitt si velsigning til alle dei som nektar å vitne for domstolen.

Det er elles ikkje nødvendigvis bare regjeringa i Kambodsja som har lite å vinne på ny etterforsking, der fleire sider av den grusomme historia rundt Røde Khmer blir bretta ut.

USA sleppte langt over to og ein halv million tonn bomber over landet, meir enn den samle allierte bombinga under andre verdskrigen, og enkelte historikarar meiner at dette var med på å legge forholda politisk til rette for Røde Khmer.

Kina var ein hovudstøtte til regimet, men det skal ikkje gløymast at også USA ei tid såg på utbrytarane i Røde Khmer med sympati i kampen mot dei kommunistiske styrkane i Vietnam.

SISTE NYTT

Siste nytt