– Her kan du sjå korleis han har vakse frå det eine bilete vart teke, til det andre.
Den stolte mora peikar på sin eldste son på biletet. Ho viser fram sine aller kjæraste som pryder veggen i familiens heim, ein stad utanfor storbyen Haifa.
Ei jente, tre gutar. Bileta er av 90-talskvalitet. No er borna på bileta blitt til ei kvinne og tre menn. Og Ruth Bridger er for lengst blitt bestemor.
Men ho er også mor, og dei tre gutane hennar, tre vanlege småbarnsfedrar, har ein etter ein blitt kalla inn til militærteneste for Israel.
Tre søner, og ei dotter. Saman med 300.000 er sønene i heimen kalla inn til krig.
Foto: Nadir Alam / NRK– Dei forstår at denne konflikten gjer ikkje godt for nokon. Ingen av dei drar ut berre for å vere aggressive, seier Ruth Bridger.
Intervjuet med Bridger blei gjort før den omfattande bombinga av Gaza, som starta natt til laurdag.
– Brikker i eit spel
Ho kan ikkje gå i detalj om sønene som no er sende til krigen. Ho har også lova dei å ikkje vise bilete av dei som vaksne. Men ho vil stille opp for å sette ord på det fleire i Israel meiner om situasjonen landet står oppi.
– Det er det første me spør kvarandre om. Kor er borna dine no? Kva gjer dei? Går alt bra med dei? Er dei trygge?
Israel har intensivert bombinga av Gaza. Dette biletet vart teke laurdag 28. oktober.
Foto: ARIS MESSINIS / AFPRuth fortel om korleis mødrene i nabolaget deler på uroa dei kjenner når borna blir sendt i krigen.
Sjølv om israelarar er delte i synet på Palestina-konflikten, og ikkje minst regjeringa sine løysingar, så er støtta til landets hær stor.
Akkurat no meiner Bridger at krig er einaste utveg, sjølv om det kostar mange sivile liv.
– Eg veit at det er sivile der, som er uskyldige. Dei er brikker i eit spel, meiner Bridger.
Som dei fleste i Israel legg ho hovudansvaret på Hamas.
– Dei seier Israel ikkje har noko rett til å eksistere. Så kva føler eg om dei stakkar, uskyldige på Gaza? Mitt hjarte følar med dei. Eg veit ikkje kva dei kan gjere for å endre leiarane sine.
– For å overleve
Ho vaks opp i USA, men flytta til Israel i 1982. Med sin jødiske bakgrunn kjenner ho seg heime i den smeltedigelen som Israel er.
At landet er oppi det som verkar som ein evig spiral av konflikt synest ho er trist. Men samtidig ser ho behovet for å slå ned på Hamas, ei gruppe ho meiner ville ha utsletta alle jødar i Israel om det ikkje var for den israelske hæren.
– Her ligg alt bestikket som kan brukast til kjøt. Og her er bestikket som kan brukast til mjølk, seier Bridger.
Ho viser rundt på kjøkenet, og forklarer at ho forsøker å følge dei jødiske «kosher»-reglane. Sjølv om hennar eiga familie ikkje er så strenge på reglane, så vil ho gjerne at alle andre skal kjenne seg trygge når dei er på middagsbesøk.
Ruth Bridger er i gong med dagens salat. Kvar helg blir det invitert til middag. Ofte stor familiemiddag.
Foto: Nadir Alam / NRKLaurdagar i Israel betyr sabbat og familiemiddag. Men det blir tredje sabbatsmiddag på rad utan sønene, Slik må det berre vere, meiner ho.
– Vi veit at vi må ha dette forsvaret for å overleve. Det blei bevist for oss 7. oktober, seier Bridger og viser til datoen då Hamas gjennomførte det massive terrorangrepet mot i Israel.