Hopp til innhold

Seks tryggingsfolk sikta etter stadiontragedien i Indonesia

Blant desse er tre politifolk og tre personar som hadde ansvaret for tryggleiken på fotballkampen, seier politisjefen. 131 menneske døydde i samanstøytane.

Fotballsupporterar spring inn på bana etter kampen i Kanjuruhan stadion.

Foto: STR / AFP

– Basert på undersøkinga og tilstrekkeleg bevis, har vi fastslått seks mistenkte, sa politisjef Listyo Sigit Praboqo på ein pressekonferanse torsdag.

Han erklærte at sjefen for arrangørkomiteen til det eine fotballaget, Arema, var blant dei som blir etterforska, og også ein av klubben sine tryggingsansvarlege, og utelukka ikkje fleire siktingar i saka.

Minst 33 barn skal vere blant dei døde. Ifølge styresmaktene er den yngste av barna i alderen tre til fire år.

Indonesia Soccer Deaths

Arema-supportarar ber for dei skadde etter katastrofen på laurdag.

Foto: Achmad Ibrahim / AP

Samanstøyten skjedde på Kanjuruhan stadion i Malang, Aust-Java, då tilhengarar av heimelaget Arema storma banen etter kampen mot rivallaget Persebaya Surabaya.

Politiet svarte med tåregass, noko som fekk mange tilhengarar til å segne om og få pusteproblem, melder CNN Indonesia.

Mange sette på sprang mot portane for å kome seg ut av stadion. I kaoset blei fleire klemde i hel i trengsla som oppstod.

Meiner dei slapp inn fleire enn dei hadde plass til

Politisjefen meiner at toppleiarane i fotballklubben braut tryggingskrava ved å sleppe inn fleire folk enn det stadion hadde plass til, samtidig som at vaktene hadde gått vekk frå inngangane.

Utgangane tilskodarane strøyma mot skal også ha vore for smale til å kome seg trygt igjennom. Den nasjonale fotballforeininga i Indonesia seier at nokre utgangar attpåtil var låste.

Den indonesiske regjeringa har tidlegare bede politiet om å identifisera og straffe dei som er ansvarlege.

Nokre tilskodarar klatra opp på gjerdet medan folk storma mot utgangane til stadion.

Foto: STR / AFP

President Joko Widodo har også bestilt ein gjennomgang av stadion elles i landet for å sjekke at tryggingstiltaka der er på plass.

Han seier at «låste dører og trappe trappar» var sentrale årsaker for tragedien.

Ein politisjef har fått sparken som følge av katastrofen, og ni høgtståande politimenn er suspenderte frå jobbane sine. Ytterlegare 19 er under etterforsking.

Presidenten for fotballklubben Arema, Gilang Widya Pramana, beklaga til offera og sa at han var klar til å ta fullt ansvar for hendinga.

SISTE NYTT

Siste nytt