Hopp til innhold

FN: 50 sivile vart drepne i Butsja

Medan kampane blir intensivert i Aust-Ukraina, stadfestar FN at 50 sivile vart drepne i Butsja, nokon ved avretting, melder nyheitsbyrået AFP.

Russiskstøtta seperatistar får forbi øydelagte bustadbygg i Mariupol. Zelenskyj avviser påstanden om at den strategisk viktige hamnebyen har falle.

Russiskstøtta separatistar går forbi øydelagde bustadbygg i Mariupol. Zelenskyj avviser påstandar om at den strategisk viktige hamnebyen har falle.

Foto: Alexei Alexandrov / AP

– Under eit oppdrag til Butsja den 9. april, har menneskerettsarbeidarar frå FN dokumentert at rundt 50 sivile er ulovleg drepne, nokre av dei ved summarisk avretting, seier Ravina Shamdasani, talsperson ved FNs menneskerettskontor.

FN seier at Russlands handlingar i Ukraina «kan utgjere krigsbrotsverk». Desse handlingane inkluderer bombing som har drepe sivile, og dessutan øydelagt skular og sjukehus.

– Russiske styrkar har vilkårleg bomba folkesette område, drepe sivile og øydelagt sjukehus, skular og annan infrastruktur. Desse handlingane kan vere krigsbrotsverk, seier Shamdasani.

Likene til minst 20 personer ikledd sivile klær er funnet i en gate i byen, Butsja utenfor Kyiv.

Lika til minst 20 personar ikledde sivile klede vart tidlegare i år funne i ei gate i byen, Butsja utanfor Kyiv.

Råskapen som hende i Butsja blei dokumentert etter at Russland trekte seg ut av byen i Kyiv-området tidleg i april.

I slutten av mars sa Russland at dei ville konsentrere seg om å ta område i Donbas-regionen, aust i Ukraina. Det er her kampane har vore dei siste vekene.

Fredag sa den russiske hæren at planen er å ta full kontroll over Donbas og Sør-Ukraina. Det vil vere ein del av det dei kallar «den andre fasen av militæroperasjonen», skriv Interfax.

Det inkluderer regionane Kherson, Odesa, Mykolajiv, Zaporizjzja og Dnipropetrovsk.

Russland vil òg danne ein korridor til Krim-halvøya og til utbrytarrepublikken Transnistria i Moldova, som grensar til Sør-Ukraina.

Pro-russiske troppar køyrer langs den sørlege porten til Mariupol torsdag 21. april.

Pro-russiske troppar køyrer langs den sørlegen porten til Mariupol torsdag 21. april.

Foto: CHINGIS KONDAROV / Reuters

Militærtoppen Rustam Minnekajev hevdar dei har bevis for at myndigheitene i Moldova undertrykker den russiskspråklege befolkninga i Transnistria, skriv NTB.

Russland hevda òg at befolkninga i Aust-Ukraina vart undertrykt før dei invaderte landet.

Intensiverte kampar

Kampane er intensivert i aust, opplyser den ukrainske hæren. Dei russiske styrkane skal ha trappa opp angrepa sine langs heile frontlinja i Donetsk-regionen.

Berre i løpet av torsdag skal russiske styrkar ha klart å ta kontroll over 42 landsbyar i Donetsk fylke. Det opplyser ein av president Volodymyr Zelenskyj sine rådgjevarar ifølge Reuters.

Ukraina har likevel håp om å ta tilbake landsbyane.

– Det skjedde i dag, og kanskje klarer styrkane våre å vinne dei tilbake i morgon, sa rådgjevar Olena Symonenko torsdag kveld.

Oberstløytnant Geir Hågen Karlsen ved Forsvarets høgskole seier russiske styrkar har angripe med artilleri og fly i rundt tre døgn.

– Det er ein standard måte å angripe på for å påføre ukrainarane størst mogleg tap, både av soldatar og utstyr, og for å svekke dei før ein går inn på bakken.

Russarane har rykka fram nokre stadar, men ikkje særleg langt, seier Karlsen. Han trur dei vil teste kvar dei klarar å ta territorium.

– Nokon stadar slår ukrainarane angrepa tilbake.

Kart krigen i Ukraina 22.april 2022

INSTITUTE FOR THE STUDY OF WAR AND AEI'S CRITICAL THREATS PROJECT / NRK (Oppdatert 22.04.2022)

Grafikk: INSTITUTE FOR THE STUDY OF WAR AND AEI'S CRITICAL THREATS PROJECT / NRK 22.04.2022

INSTITUTE FOR THE STUDY OF WAR AND AEI'S CRITICAL THREATS PROJECT / NRK (Oppdatert 22.04.2022)

Grafikk: INSTITUTE FOR THE STUDY OF WAR AND AEI'S CRITICAL THREATS PROJECT / NRK 22.04.2022

Zelenskyj kallar framrykkingane mellombelse.

– Ingen av desse stega vil hjelpe Russland i krigen mot staten vår. Dei kan berre utsetje det uunngåelege – tida då inntrengarane blir nøydde til å forlate territoriet vårt, seier presidenten.

– Spesielt i Mariupol, byen som held fram med å stå imot Russland, trass i kva okkupantane seier.

Det vil ikkje bli prøvd å evakuere sivile fredag, opplyser visestatsminister Iryna Veresjtsjuk.

– På grunn av faren langs rutene i dag, 22. april, vil det ikkje vere nokre humanitære korridorar, seier ho ifølge BBC.

Folk kryssar ein veg i Mariupol.

Mariupol har fått mykje skade etter at byen vart omringa av russiske styrkar like etter invasjonen 24. februar.

Foto: CHINGIS KONDAROV / Reuters

Ulike påstandar om Mariupol

Torsdag kunngjorde Russlands president Vladimir Putin på statleg TV at «kampane om å frigjere Mariupol» hadde vore vellykka.

Putin gratulerte deretter forsvarsminister Sergej Sjojgu, og sa at han trekte ordren om å storme stålverket Azovstal i byen.

Der skal hundrevis av sivile, saman med ukrainske soldatar, ha forskansa seg.

Les også Putin stanser storming: – Blokker stålverket så ikke en flue slipper inn

Putin

Amerikanske styresmakter meiner i likskap med Zelenskyj at ukrainske styrkar held stand. Talsperson for utanriksdepartementet, Ned Price, går hardt ut mot Putin.

– Det er all grunn til å tru at president Putin og forsvarsministeren hans sitt show for media, som vi har sett dei siste timane, er meir desinformasjon frå deira utslitne dreiebok.

Byen ligg ved Azovhavet, og er strategisk viktig for å skape ein landssamband mellom den annekterte Krim-halvøya og dei russiskstøtta utbrytarrepublikkane Luhansk og Donetsk.

Ordførar Vadym Bojtsjenko bad fredag om full evakuering av dei rundt 100.000 sivile som framleis skal vere i Mariupol.

Ny stor massegrav skal vere funne i Mariupol

Det amerikanske satellittselskapet Maxar sig dei har identifisert ei massegrav som inneheld rundt 200 graver ved Mariupol. Det skriv BBC.

Massegrava, som skal vere synleg på bilete, kan vere opp mot 20 gonger større enn massegrava som vart funne i Butsja.

Tusenvis av menneske kan vere gravlagt der, opplyser guvernøren i Donetsk-regionen, Pavlo Kyrylenko, på Telegram.

Massegrav Mariupol
Mariupol bilde før massegrav

Satellittbilda frå Maxar skal vise fire seksjonar med graver.

Foto: AP

Ukrainske styresmakter estimerer at over 20.000 personar har døydd i Mariupol sidan invasjonen.

Journalistar i Mariupol skal ha dokumentert gravleggingar av sivile i den omringa byen, skriv CNN. Bilete frå sosiale medium skal òg vise lik andre stadar i byen.

Den påstått massegrava er nær landsbyen Manhush, omtrent 20 kilometer vest for Mariupol.

Satellittbilete frå staden viser at massegravene skal ha dukka opp mot slutten av mars. Russiske myndigheiter har ikkje kommentert saka.

Hevdar Russland avviste våpenkvile i påska

Ukraina foreslo å etablere ei våpenkvile i samband med den ortodokse påska, som startar søndag. Dette har Russland avvist, seier president Zelenskyj.

– Dette viser veldig godt korleis leiarane av den staten behandlar den kristne trua, ei av dei mest gledelege og viktigaste høgtidene, sa Zelenskyj i ein videotale torsdag kveld.

Volodymyr Zelenskyj i ei videotale frå Kyiv torsdag 21. april.

– Men vi held på håpet. Håpet om fred, håpa om at livet vil overvinne døden, sa Zelenskyj i videotalen.

Foto: AP

Pave Frans og FNs generalsekretær er blant dei som har teke til orde for ei våpenkvile i påska. Ortodokse kristne er den største religiøse gruppa i både Ukraina og Russland, skriv NTB.

Les også Eldre og syke venter på hjelp for å komme seg ut av Øst-Ukraina

Tsjasiv Jar

SISTE NYTT

Siste nytt