Hopp til innhold

Russland kan støtte Iran-sanksjonar

Russland vurderer å støtte strengare sanksjonar mot iran, om dei ikkje rammar dei sivile innbyggjarane, seier president Dimitrij Medvedev.

Russlands president Dimitrij Medvedev og hans franske kollega Nicolas Sarkozy

Dimitrij Medvedev (t.v.) innleidde eit to dagars besøk i Frankrike med å møte sin franske kollega Nicolas Sarkozy.

Foto: Eric Feferberg / Scanpix/AFP

Russland har lenge vore motstandar av skjerpte sanksjonar mot Iran, og har i staden vore pådrivar for forhandlingar med Teheran om atomprogrammet.

LES OGSÅ: Håper på Iran-sanksjoner om 30 dager

LES OGSÅ: Iran vil bygge underjordiske atomanlegg

Etter at Iran avviste eit forslag om ei ordning som kunne gitt atombrensel i byte mot lågopprika uran, har Moskva opna for sanksjonar.

Det var i eit møte med sin franske kollega Nicolas Sarkozy i dag at Medvedev sa at Russland kan kome til å støtte sanksjonar.

Medvedev vil likevel ikkje gi opp ei forhandlingsløysing.

- Det er ei vanskeleg sak, og det har ikkje vore framgang den siste tida. Om ikkje vi får til ei løysing, er Russland klar til å vurdere sanksjonar, sa Medvedev etter møtet.

Medvedev innleidde i dag eit to dagar langt besøk i Franrike, som er eitt av landa som er ivrigast i forsøka på å innføre strengare sanksjonar mot presteregimet i Teheran.

LES OGSÅ: Russland frykter Irans uranpolitikk

LES OGSÅ: IAEA frykter iransk atomvåpen

LES OGSÅ: Møte kan ende i atombombe


SISTE NYTT

Siste nytt