Hopp til innhold

Russisk krigsskip på sjørøvarjakt

Eit russisk krigsskip har teke kontroll over tre piratskip utanfor kysten av Somalia, seier ein talsmann for den russiske marinen.

Den russiske atomkryssaren "Peter den store".

Den russiske atomkryssaren 'Peter den store' har teke arrest i tre sjøørøvarskip.

Foto: Maiquel Torcatt / AFP

Det var 10 væpna piratar om bord i dei tre båtane, seier talsmannen. Desse er no i varetekt om bord på atomdrivne kryssaren "Peter den store".

Somaliske piratar har vorte eit alvorleg problem for internasjonal skipsfart, særleg i området rundt Adenbukta.

Det er stor trafikk i dette havområdet, som knyt saman Europa med Asia via Raudehavet og Suezkanalen.

Marinefarty frå fleire ulike land, blant dei USA, Storbritannia, India og Russland, patruljerer havområdet på utkik etter piratar.

I går sa ein talsmann for den amerikanske marinen at dei hadde pågripe ni piratar i same havområdet.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt