Hopp til innhold

Rivalar i Sør-Sudan er samde om fredsavtale

Presidenten i Sør-Sudan Salva Kiir har signert ei fredsavtale med opprørsleiaren Riek Machar. – Eit stort framsteg, ifølgje PRIO-forskar, som meiner avtala skil seg frå tidlegare avtaler.

South Sudan Civil War

STERKT ØNSKE OM FRED: Det er ikkje tvil om kva folk i Sør-Sudan har ønskt seg i fleire år. Dei vil ha ein slutt på den valdelege borgarkrigen.

Foto: Bullen Chol / AP

– Dette har vårt folk i Sør-Sudan venta på i lang tid, og no er dagen komen, sa presidenten i Sør-Sudan, Salva Kiir.

Saman med opprørsleiar Riek Machar, skreiv han onsdag under på ei fredsavtale i presidentpalasset i Khartoum, hovudstaden i Sudan.

Konflikten i Sør-Sudan har vart sidan desember 2013, etter at Kiir gav dåverande visepresident Machar sparken, etter ein langvarig maktkamp. Dette vart starten på ein lang borgarkrig, der folkegruppene dinka og nuer står mot kvarandre.

Ifølgje Sør-Sudans utanriksminister, inneber fredsavtala som no er signert at ei våpenkvile skal tre i kraft i løpet av 72 timar.

Machar understreka at våpenkvila bør bety at ein endeleg «får slutt på krigen».

Sør-Sudan fredsavtale

Opposisjonsleiar Riek Machar skriv under på fredsavtala i Khartoum. Frå venstre sit presidenten i Sør-Sudan, Salva Kiir, og i midten er Sudans president Omar al-Bashir.

Foto: Ashraf Shazly / AFP

– Stort framsteg

Seniorforskar Øystein Håkon Rolandsen, ved fredsforskingsinstituttet PRIO, har lese avtala. Den er på berre dryge tre sider, men Rolandsen seier innhaldet er eit stort framsteg.

Øystein Rolandsen

Øystein Håkon Rolandsen er historikar og seniorforskar ved Institutt for fredsforsking, med Aust-Afrika og Afrikas horn som hovudområde.

Foto: PRIO

– Dei er blitt samde om ei permanent våpenkvile. Det er ein stor forskjell frå tidlegare, der det har vore semje om våpenstillstand. Ei våpenkvile er ikkje noko ein kan gå tilbake på utan vidare, seier Rolandsen.

Partane har også forhandla mykje rundt kva ein skal gjere med opprørshærane, og korleis dei skal fordele makta. Ifølgje Rolandsen er detaljane rundt dette svært vage.

Press frå nabolanda

Onsdag førre veke møtte Kiir og Machar kvarandre for første gong på nær to år.

Forhandlingane har tidlegare gått føre seg i Addis Abeba i Etiopia, men denne gongne vart møtene flytta til Khartoum i Sudan. At presidenten i Sudan, Omar al-Bashir, vart ein del av forhandlingane kan ha vore viktig for resultatet, trur Rolandsen.

– Det er framleis litt mystisk korleis denne avtala har kome på plass, men Uganda og Sudan har stor innverknad på kva som skjer i Sør-Sudan. Det ser ut som dei har gått saman for å tvinge partane til å inngå eit kompromiss.

Rolandsen trur det vart brukt både pisk og gullrot i forhandlingane.

– Uganda og Sudan forsyner til ein viss grad dei stridande partane med våpen, seier Rolandsen, som understrekar at dette ikkje er påvist hundre prosent.

Landa kan dermed ha truga med å trappe opp konflikten ved å forsyne partane med meir våpen.

– Gullrota kan derimot vere ein lovnad om å rehabilitere Sør-Sudans oljefelt, slik at staten kan få større inntekter frå oljeproduksjon, seier Rolandsen.

Fredsavtale i Sør-Sudan

Presidenten i Sør-Sudan Salva Kiir (t.v.), president i Sudan Omar Al-Bashir (i midten) og opposisjonsleiar Riek Machar etter at dei signerte fredsavtala i Khartoum onsdag.

Foto: Mohamed Nureldin Abdallah / Reuters

Må bygge tillit

At to militærleiarar skriv under på eit dokument er likevel ikkje nok til å sikre fred i Sør-Sudan. Avtaler som har blitt signerte tidlegare har blitt brotne gong på gong.

For å få ei meir langsiktig og permanent løysing treng ein reformer, og ein må ta inn ulike politiske grupperingar på ein ny måte, ifølgje Rolandsen.

– Det vanskelegaste vert å bygge tillit mellom partane. Det vert også viktig å sikre tryggleiken i hovudstaden Juba, slik at opposisjonsgrupper, politiske parti og sivilt samfunn kan vere trygge der.

SISTE NYTT

Siste nytt