NRK Meny
Normal

Registrerer cannabisbønder i Uruguay

I Uruguay er jobben med å registrere cannabisprodusentar i gang for fullt. Men samstundes er det også presidentval i landet, og begge kandidatane har varsla at dei ønskjer å stramme inn på Uruguays liberale cannabislovverk.

URUGUAY--DRUGS-CANNABIS-FILE

Juan Manuel er innehavar i Uruguays første cannabisbutikk i Montevideo. Sortimentet består av ulike varer som er framstilt av cannabis. No har jobben med å registrere Uruguays cannabisdyrkarar starta for fullt.

Foto: MIGUEL ROJO / Afp

URUGUAY-MARIJUANA/ File picture shows a marijuana sample being checked by a judge during a judging session at Uruguay's second Cannabis Cup at a hotel in downtown Montevideo

Det er marihuana som dette som no kan bli lovleg dyrka i Uruguay.

Foto: ANDRES STAPFF / Reuters
URUGUAY-MARIJUANA/ File photo of marijuana samples during judging session at Uruguay's second Cannabis Cup at a hotel in downtown Montevideo

I Uruguay har det blitt arrangert fleire konkurransar for å finne den beste marihuanadyrkaren. Her er fleire stikkprøver som er klare for å bli vurdert av ein dommar.

Foto: ANDRES STAPFF / Reuters
URUGUAY-MARIJUANA/ A man registers as a marijuana home grower at a postal office in Montevideo

Gustavo Manfredi har stilt seg i kø for å registrere seg som cannabisprodusent. No har arbeidet med å registrere landets cannabisdyrkarar starta for fullt.

Foto: ANDRES STAPFF / Reuters

Uruguay er i desse dagar i ferd med å velje seg ny president. Første valrunde vart halden førre søndag, og valrunde nummer to er sett til 30. november. Valet markerer også slutten på president José Mujica si regjeringstid.

99 planter årleg

Den tidlegare geriljakrigaren har blitt kalla verdas fattigaste president, og bur på ein liten gard på landsbygda i Uruguay. Han har også fått merksemd for å få banka gjennom lovar som opnar for homofilt ekteskap og lovleg dyrking av cannabis i det søramerikanske landet.

No kan grupper på opptil 45 cannabisprodusentar registrere seg i eit nasjonalt register, og få lov til å dyrke fram 99 planter årleg. Det er også mogleg å dyrke opptil seks planter heime. I tillegg skal cannabis og marihuana produserast av staten og seljast i apotek rundt om i landet.

Kan skje endringar med ny president

Men sjølv om legaliseringsarbeidet er godt i gang, kan det kome nye endringar snart.

Avgjersla om å gjere cannabis lovleg har vore omdiskutert. President Mujica har argumentert med at ei legalisering av cannabisproduksjon vil bidra til å svekke ulovlege narkotikakartell som øydelegg mange liv i Latin-Amerika. Men konservative krefter i landet har derimot vore ueinige.

Presidentkandidaten Lacalle Pou har sagt at han vil stoppe staten si innblanding i produksjon og sal av marihuana, men at det framleis skal vere lov å framstille stoffet privat.

Folket er delte

Også den andre kandidaten, Tabaré Vasquez, varslar endringar. Men president Mujica kan ikkje sjølv stille til attval, fordi han no har vore president i to periodar.

Også blant folket i Uruguay er det delte meiningar. Ei undersøking frå 2013 viser at rundt 60 prosent av folket er mot legalisering, medan rundt 25 prosent er for.

Men medan landet ventar på ein ny leiar, så held registreringsarbeidet fram. Og styresmaktene trur det kan vere så mange som 150.000 cannabisdyrkarar som no skal registerer seg i det latinamerikanske landet, der marihuana utan tvil er det mest brukte rusmiddelet.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt