Hopp til innhold

Redde for Maya-spådom etter storskjelv i Guatemala

GUATEMALA (NRK.no): Maora (25) og Edwin (40) trudde familien deira skulle døy, då Guatemala i går opplevde sitt sterkaste jordskjelv på over 35 år. No er dei redde for at dette er ein forvarsel på kva som kan kome når Maya-kalenderen tek slutt i desember.

Jonas Sætre i Guatemala
Foto: NRK

I den vesle fjellbyen Sibilia vest for Guatemala by er stemninga trykka. For timar sidan fekk dei livet snudd på hovudet, då eit skjelv som vart målt til 7,4 råka landet.

Det siste talet på omkomne er minst 52, og rundt 100 skal framleis vere sakna.

I Sibilia var det heldigvis ingen som mista livet. Men i nabobyen Quetzaltenango, ein halvtimes køyretur unna, har åtte menneske mista livet. Utfallet kunne likevel blitt dramatisk annleis for ekteparet Edwin Villagran og Maora Garcia Coché.

Slik ser det utanfor huset til Edwin Villagran og Maora Garcia Coché. Skadane er så store at dei ikk

Slik ser det utanfor huset til Edwin Villagran og Maora Garcia Coché.

Foto: Jonas Sætre/NRK

Like før skjelvet sto Maora på kjøkkenet saman med ektemannen og vaska den to veker gamle sonen. Maora gjekk så inn på eit soverom for å kle på babyen.

Akkurat då ho la barnet i fanget sitt, byrja dei kraftige skjelvingane. Murstein og inventar fall ned i bakken rundt dei, og rommet vart fylt av støv.

– Me var livredde for at me eller sønene våre skulle døy. Toåringen vår skreik for livet sitt, seier Maora til NRK.no.

«Hjelp meg, no skal eg døy»

Edwin kom inn på rommet då han skjønar kor alvorleg situasjonen var, og reiv 2-åringen til seg.

– Han ropte til seg sjølv, rådvill; «kva skal eg gjere no?», utan å vete om det er lurast å bli i rommet eller i gå ut.

Murstein byrja då å falle ned i hovudet på småbarnsmora, medan ho bøya seg over sonen på to veker.

Det var alt Maora klarte å takle av jordskjelvet, som varte i heile 30 sekund. Ho sprang ut på gata og roper «hjelp meg, no skal eg døy!».

– Eg tenkte ingenting. Eg var heilt paralysert, seier kvinna.

Skadane på huset var svært store. Heile veggar hadde kollapsa og store sprekkar slo gjennom huset. Huset er no for øydelagt til at dei kan flytte heim igjen. Store deler av byen er framleis utan straum, og mobilnettet er nede.

– Huset vårt er ikkje trygt lenger, det kan falle saman kva tid som helst, seier Edwin.

Tenkte på Maya-spodom

Jordskjelv Guatemala

Småbarnsforeldra i fjellbyen Sibilia er redde for at skjelvet berre er ein forvarsel på kva som kan kome til å skje.

Foto: Jonas Sætre/NRK

Korkje ho eller Edwin skjønte at dette dreidde seg om eit jordskjelv før etterpå. Eit så kraftig jordskjelv som dette er svært uvanleg, til og med i eit geologisk aktivt land som Guatemala. Den første tanken til ekteparet var at dette hadde ein samanheng med tidsrekninga til Maya-folket.

Ein 5200 år lang tidsepoke vil i desember i år ta slutt, og dei har spådd at det skal bli store omveltingar i samfunnet ved overgangen til den nye epoken.

– Eg tenkte med ein gong på mayakalenderen, og at dette var noko som kom frå gudane. Dei fleste her trur det kjem meir.

Og det er ikkje vanlege etterskjelv folk er redde for. Ekteparet opplyser at det er ein utbreidd frykt i landsbyen om at dette berre er ein forsmak på det som kan kome då Maya-kalenderen tek slutt i desember i år.

– Mayaene har sagt at det er 40–60 prosent sjanse for at det vil skje eit gigantisk jordskjelv i år, seier Edwin.

– Til og med på fjernsyn seier dei at det vil kome fleire store skjelv.

Redde for kulda

Guatemala

Saul Cifuen Maldanado viser korleis veggen falt saman i huset hans.

Foto: Jonas Sætre/NRK

NRK.no møter ein stor familie i nabohuset, som også har fått store deler av bustaden øydelagt av skjelvet. Kona i familien fortel at ho hadde fått eit teikn om at noko slikt skulle skje.

– Eg gjekk ute med borna mine, og då såg eg mange kvite fuglar på himmelen. Då visste eg at noko spesielt skulle skje i dag.

Familien kan framleis bu i huset, men dei er redde for at eit nytt skjelv vil gjere huset umogleg å bu i. Dei vil ikkje ha råd til å fikse skadane i huset på lang tid.

– Me er redde for framtida. Det er svært kaldt her oppe i fjella om vinteren, så eg veit ikkje kva me skal gjere dersom huset vert øydelagt, fortel Saul Cifuen Maldonado.

Det er så langt vore ni mindre etterskjelv, etter jordskjelvet som skjedde onsdag føremiddag, lokal tid. Jordskjelvet skal vere det sterkaste i Guatemala sidan 1976, då rundt 20.000 menneske mista livet.

Guatemala Earthquake

Innbyggere i San Marcus i Guatemala ved ruinene etter jordskjelvet som rammet regionen onsdag.

Foto: Moises Castillo / Ap

SISTE NYTT

Siste nytt