Putin talte i dag til deltakarar på ein ungdomsleir ved Seligersjøen utanfor Moskva. Han gjorde det klart at Russland må vere klar til å svare på all aggresjon.
– Russland er langt frå involvert i storskala-konfliktar. Vi ynskjer ikkje det og vi planlegg ikkje for det. Likevel skal vi alltid vere klare til å slå tilbake all aggresjon mot Russland, sa han blant anna.
Han la all skuld for krisa i Ukraina på ukrainske styresmakter, fordi dei ikkje vil gå inn i reelle forhandlingar med separatistane aust i landet.
Han oppmoda styresmaktene i Ukraina til straks i gå i dialog med separatistane, ikkje om tekniske detaljar, sa han, men om dei sentrale spørsmåla i striden.
Nazi-samanlikning
Han samanlikna dei ukrainske regjeringsstyrkane sine operasjonar i regionane Donetsk og Luhansk med Nazi-Tyskland si kringsetjing av Leningrad under andre verdskrigen.
– Små landsbyar og store byar er omringa av den ukrainske hæren, og det rammar bustadområde direkte. Det minner meg diverre om andre verdskrigen, der tyske fascistar, okkupantar, omringa byane våre, sa Putin i talen.
Den russiske presidenten sa også at han ser på russarar og ukrainarar som praktisk talt «same folket».
- Folk som har si eiga oppfatning av historia og Russland si historie kan vere usamde med meg, men for meg er det russiske- og det ukrainske folket i praksis det same, sa han i talen sin.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
NATO ber om stans
Samstundes ber NATO-sjef Anders Fogh Rasmussen Russland om straks å stanse det han kallar den ulovlege militæraksjonen i Ukraina. Han sa dette etter eit krisemøte i NATO i Brussel om situasjonen i Ukraina.
I går slo NATO fast at Russland har sendt minst 1000 soldatar inn i Ukraina for å kjempe mot dei ukrainske regjeringsstyrkane, medan 20.000 soldatar er stasjonerte like ved grensa mellom dei to landa.
– Dette er ikkje noko isolert handling, men del av eit farleg mønster som har halde på i fleire månader og som har som mål å destabilisere Ukraina som ein sjølvstendig nasjon, sa Fogh Rasmussen etter NATO-krisemøtet.
Rasmussen gjorde det også klart at NATO ikkje kjem til å stengje døra for eit eventuelt NATO-medlemskap for Ukraina. Ukrainas statsminister Arsenij Jatsenjuk sa i dag at han vil be parlamentet om å starte ein prosess som leier fram mot NATO-medlemskap for landet.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Lovar økonomisk hjelp
På kort sikt er det lite truleg at Ukraina kan bli medlem i NATO. PRIO-forskar Pavel baev seier til NTB at utspelet kan vere eit teikn på desperasjon frå ukrainske styresmakter.
Fleire NATO-land gav på møtet i Brussel i dag likevel uttrykk for at vil gi pengar til fleire investeringsfond som skal nyttast til å reformere og modernisere dei væpna styrkane i Ukraina.
Han trur det kan vere ein reaksjon på at det no ikkje lenger er tvil om at Russland har sendt soldatar inn i Ukraina. Seinast i dag avviste utanriksminister Sergej Lavrov at Russland har sendt til soldatar til Ukraina, og han kalla påstandane frå vestlege land for gjettingar utan snev av bevis.
LES OGSÅ: