Hopp til innhold

Krev å få vite sanninga om russiske soldatar i Ukraina

Fleire titals kvinner demonstrerte i dag utanfor ein militærbase i Kostroma i Russland med krav om å få vite kva som har skjedd med soldatane som vart sende til grenseområdet mot Ukraina.

Demonstrasjon utanfor militærbase i Russland.

Mødrer og koner til soldatar krev å få vite sanninga om det russiske militære engasjementet i Ukraina. Her demonstrerer dei utanfor militærbasen i Kostroma i det sentrale Russland.

Foto: DMITRY SEREBRYAKOV / Afp

350 soldatar frå denne basen i det sentrale Russland vart sende til ei militærøving i grenseområdet mot Ukraina. Sidan har ingen fått vite kvar dei har reist. Rykta går på basen om soldatane er sende inn i Ukraina for å kjempe på dei prorussiske opprørarane si side, men ingen vil stadfeste det.

No krev koner og mødrer å få vite kvar mennene og sønene deira oppheld seg, og dei vil ha svar på om kva rolle Russland spelar i borgarkrigen i nabolandet.

Valeria Sokolova, russisk soldatkone.

Valeria Sokolova er ei av kvinnene som no krev å få vite kvar soldatane frå Kostroma-basen er.

Foto: DMITRY SEREBRYAKOV / Afp

26 år gamle Valeria Sokolova, som ikkje har høyrt noko frå mannen sin sidan sist veke, seier til det franske nyheitsbyrået AFP at ho har blitt fortalt at fleire av soldatane har kome tilbake i likposar.

LES OGSÅ: Russisk opposisjonspolitiker: Dette er en invasjon

Ikkje i Russland

Ho fortel at ingen av sjefane på basen vil stadfeste at soldatane er sende til Ukraina. Ho legg til at kvinnene som demonstrerte i dag fekk klar beskjed om at å avslutte demonstrasjonen og reise heim.

– Dei ville ikkje seie kvar soldatane er, berre at dei ikkje er i Russland, seier ho til AFP.

Ho fortel at ho sist hadde kontakt med mannen sin sist laurdag. Då fortalde han at avdelinga hans skulle «utplasserast», men han hadde ikkje lov å fortelje kvar dei skulle. Han sa at ein del skulle køyre i tanks, medan han skulle køyre i ein lastebil.

Fleire av fallskjermsoldatane som er tekne til fange i Ukraina skal vere frå denne basen.

Telefon frå Kiev

Olga Garina fekk kontakt med sonen.

Olga Garina fekk ein uventa telefonen frå sonen. Han ringde frå Kiev, etter at han vart teken til fange av ukrainske styrkar.

Foto: DMITRY SEREBRYAKOV / Afp

Olga Garina fekk i dag endeleg kontakt med sonen sin, 20 år gamle Jegor Posjtojev, etter fleire dagar i uvisse. Han ringde henne på mobiltelefon frå Kiev, dit han var transportert etter å ha blitt teken til fange av ukrainske regjeringsstyrkar inne i Ukraina.

Det har kome meldingar om hemmelege soldat-gravferder fleire stader i Russland.

Ella Poljakova og Sergej Krivenko er russiske opposisjonspolitikarar, men dei er begge med i Vladimir Putins menneskerettsutval. Rådet har ei rådgjevarrolle, men har lite makt og har eit anstrengt forhold til presidenten.

Dei fortalde til nyheitsbyrået Reuters i Moskva i dag at over 100 russiske soldatar vart drepne i eit angrep frå ukrainske regjeringssoldatar i det austlege Ukraina tidlegare denne månaden. Rundt 300 vart såra i det same angrepet.

LES OGSÅ: – Russland involvert i kamper i Ukraina

LES OGSÅ: Merkel krev forklaring på meldingar om russisk innmarsj i Ukraina

Fullasta med ammunisjon

Ei russisk kolonne med lastebilar fullasta med ammunisjon, vart angripne med Grad-rakettar, fortel Sergej Krivenko og Ella Poljakova. Angrepet skjedde i byen Snitsjye i Donetsk-provinsen.

Ludmila Hohlova er leiar for organisasjonen for soldatmødrer.

Ludmila Hohlova er fortvila over den manglande informasjonen om soldatane som vart sende til grenseområdet. Ho er leiar for organisasjonen for soldatmødrer.

Foto: DMITRY SEREBRYAKOV / Afp

Dei fortel at dei har fått opplysningane frå slektningar av dei døde soldatane og soldatar som overlevde angrepet. Dødsattestane vart fylde ut i Russland, så det er ingen skriftlege bevis på at soldatane døydde i Ukraina.

– Soldatane blir tekne til grenseområdet mot Ukraina. Der blir alle russiske merker og flagg fjerna frå køyretøy og uniformer, og så blir dei sende over grensa, seier Ella Poljakova.

Russland avviser at landet har sendt soldatar over grensa til Ukraina. Dei russiske soldatane som vart tekne til fange av ukrainske regjeringsstyrkar, hadde berre gått seg bort, blir det sagt på russisk hald.

LES OGSÅ: – Var et skrekkregime her under separatistene

– Soldatar på ferie

Den prorussiske ukrainske opprørsleiaren Alexander Zakharenko ved gjekk tidlegare i dag at russiske soldatar kjempar side og side med opprørarar i Ukraina, men at dei gjer medan dei har ferie frå den russiske hæren.

Ella Poljakova seier at ingen av dei ho og kollegaene hennar har snakka med har fylt ut noko skjema der dei ber om ferie eller permisjon, noko som er standard prosedyre når ein soldat skal ha fri.

Poljakova og Krivenko har no bede om offisiell gransking at dei russiske soldatane si rolle i Ukraina.

SISTE NYTT

Siste nytt