NRK Meny
Normal

Opnar humanitær korridor etter oppmoding frå Putin

Den prorussiske opprørsleiaren Alexander Zakhartsjenko seier dei har opna ein humanitær korridor slik at omringa ukrainske soldatar kan kome seg ut.

Prorussiske opprørarar i Ukraina.

Prorussiske opprørarar held vakt ved eit øydelagt minnesmerke frå andre verdskrigen i Savur-Mohyla aust for Donetsk.

Foto: MAXIM SHEMETOV / Reuters

Zakhartsjenko seier dette til den russiske TV-kanalen Rossiya 24, etter at Russlands president Vladimir Putin bad opprørarane i det austlege Ukraina om å opprette ein slik korridor.

– Eg oppmodar militsgruppene om å opprette ein humanitær korridor til soldatane som er omringa, slik at dei kan kome seg ut uskadde ut av kampområda og få møte familiane sine og få medisinsk hjelp, sa Putin blant anna.

– Blir styrte frå Kreml

Statsminister i den sjølverklærte republikken Donetsk, Alexander Zakhtsjenko.

Opprørsleiaren Alxander Zakhtsjenko lovar å opne ein humanitær korridor for ukrainske soldatar.

Foto: MAXIM SHEMETOV / Reuters

Opprørsleiaren sa likevel at dei ukrainske soldatane ikkje får ta med seg dei pansra køyretøya eller ammunisjonen. Det er uklart om det ukrainske militæret vil godta dette vilkåret.

I ei fråsegn frå det ukrainske militæret heiter det at dette viser at opprørarane i den austlege delen av Ukraina blir styrte frå Kreml.

Alexander Zakhartsjenko fungerer som statsminister i den sjølverklærte Folkerepublikken Donetsk.

Russland avviser at landet har militære styrkar inne i Ukraina, men Zakhartsjenko sa i går at russiske soldatar, som hadde permisjon eller ferie frå tenesta i Russland, kjempa på opprørarane si side i Ukraina.

Fredag føremiddag seier Russlands utanriksminister Sergej Lavrov at dei vestlege skuldingane om at russiske soldatar er inne i det austlege Ukraina er rein gjetting, og at det ikkje ligg fakta til grunn for skuldingane.

Vil vite sanninga

LES OGSÅ: Russisk opposisjonspolitiker: Dette er en invasjon

LES OGSÅ: – Russland involvert i kamper i Ukraina

Fleire russiske soldatar er tekne til fange av den ukrainske regjeringshæren, blant anna ei gruppe fallskjermsoldatar. Den russiske forklaringa på dette var eit dei hadde forvilla seg inn på den ukrainske sida av grensa under ei militærøving.

Også internt i Russland har det kome krav om å få vite sanninga om russiske soldatar si rolle i borgarkrigen i Ukraina. I går demonstrerte ei gruppe mødrer og koner til soldatar utanfor ein militærbase i det sentrale Russland for å få vite kvar sønene og mennene deira var.

Fallskjermsoldatane som vart tekne til fange inne i Ukraina skal ha kome frå denne basen.

USAs president Barack Obama.

USAs president Barack Obama seier at sanksjonane mot Russland vil få store konsekvensar for landet.

Foto: MANDEL NGAN / Afp

Dei siste dagane har dei prorussiske opprørarane hatt stor framgang på slagmarka, blant anna har dei innteke den viktige hamnebyen Mariupol. Årsaka til framgangen er truleg støtta frå Russland.

Varslar nye sanksjonar

NATO meiner at det er over 1000 russiske soldatar i Ukraina, medan ukrainske styresmakter meiner talet snarare ligg mellom 4000 og 5000.

Både EU og USA har varsla at dei vil innføre nye sanksjonar mot Russland som følgje av engasjementet landet har i Ukraina.

USAs president Barack Obama sa i går kveld at sjølv om sanksjonane førebels ikkje har hatt så stor innverknad på den russiske økonomien, så vil dei etter kvart få store konsekvensar .

Fredag morgon var verdien av den russiske rubelen rekordlåg i forhold til amerikanske dollar. Årsaka er truleg at investorar fryktar nye og hardare økonomiske sanksjonar mot Russland.

Obama bad Russland om å slutte å lyge om at landet ikkje er involvert militært i Ukraina.

Ifølgje tal frå FN er nesten 2600 menneske drepne i borgarkrigen i det austlege Ukraina.

De prorussiske opprørerne i Øst-Ukraina går med på å opprette en humanitær korridor for ukrainske soldater som er omringet av separatistene. Ukrainske myndigheter anklager Russland for å sende soldater og militært materiell inn i Øst-Ukraina.

VIDEO: Vil opne humanitær korridor

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt