Normal

– Russland øydelegg for seg sjølv

– Den russiske militære aktiviteten i Ukraina vil slå tilbake på dei sjølve. Det vil gi nye kostnader for landet, sa USAs president Barack Obama i kveld.

USA-OBAMA/ U.S. President Barack Obama makes a statement about Iraq at the White House in Washington

USAs president Barack Obama seier at Ukraina-politikken kjem til å isolere Russland internasjonalt.

Foto: LARRY DOWNING / Reuters

Obama heldt i kveld ein pressekonferanse i Det kvite hus. Han tok opp den spente situasjonen i Ukraina, men også krisa i Irak og Syria, der terrororganisasjonen IS blir stadig sterkare.

Den amerikanske presidenten brukte ikkje ordet invasjon om den russiske militære aktiviteten i Ukraina, men sa at det er ein del av ein fleire månader lang militær aksjon. Han åtvara Russland om at den politikken landet no fører med omsyn til Ukraina, vil isolere dei internasjonalt.

USA vurderer no saman med dei andre NATO-landa det neste steget i sanksjonsregimet mot Russland.

– Sanksjonane vil svi

Han sa også at verknaden av dei internasjonale sanksjonane mot Russland ikkje blir synlege med ein gong, men at dei vil få meir og meir innverknad på den russiske økonomien.

Obama gjorde det klart at han har invitert Ukrainas president Petro Porosjenko til Det kvite hus i september. Dette er eit klart signal om at USA vil halde fram med å støtte den ferske ukrainske presidenten.

Han sa likevel at det ikkje blir snakk om å gå inn militært for å hjelpe Ukraina, men at USA likevel vil støtte landet økonomisk og politisk. Han viste til at Ukraina ikkje er medlem av NATO, men gjorde det til eit poeng at fleire av nabolanda til Ukraina er medlemer av forsvarsalliansen.

LES OGSÅ: Krev å få vite sanninga om russiske soldatar i Ukraina

LES OGSÅ: Russisk opposisjonspolitiker: Dette er en invasjon

Russland nektar

Obama var klar på at USA tek svært alvorleg paragrafen i NATO-charteret, som seier at eit militært angrep på eitt NATO-land er å sjå på som eit angrep på heile organisasjonen.

Tryggingsrådet i FN er i kveld samla for å diskutere krisa i Ukraina. Sjølv om russiske styresmakter nektar for at det er russiske soldatar inne i Ukraina, så tyder stadig meir på at det er tilfelle.

Ukrainske styresmakter seier rett ut at dei ser på det som ein russisk invasjon.

LES OGSÅ: – Russland involvert i kamper i Ukraina

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt