Hopp til innhold

Proud Boys brente Black Lives Matter-banner og kyrkjeskilt

Ei gruppe menn frå ytre-høgregrupperinga Proud Boys reiv ned banner og skilt framfor to kyrkjer i Washington. – Det minte meg om korsbrenning, seier ein religiøs leiar.

Ei gruppe Proud Boys brenn et Black Lives Matter-banner utanfor Ashbury foreinte metodist-kyrkje i Washington laurdag natt

Ei gruppe Proud Boys brenn eit Black Lives Matter-banner utanfor Ashbury foreinte metodistkyrkje i Washington laurdag natt.

Foto: VICTOR J. BLUE / NYT/NTB

Vandalane reiv og ned banner utanfor ei anna kyrkje tett ved. Både kyrkjene ligg i sentrum av den amerikanske hovudstaden, i nabolag som er dominert av svarte innbyggjarar.

Åtaket på dei to kyrkjene skjedde på natta etter ei rad valdelege samanstøytar mellom Trump-tilhengjarar og motdemonstrantar frå Antifa og Black Lives Matter.

Etterforskar som hatkrim

Politiet stadfesta søndag at dei etterforskar to tilfelle av hærverk ved Asbury United Methodist Church og Metropolitan A.M.E.Church som mogeleg hatkriminalitet.

Borgarmeister Muriel Bowser er opprørt.

– Denne helga har vi sett hatefulle krefter som forsøker å bruke øydelegging og truslar for å rive oss i sund. Det skal vi ikkje tillate, sa ho søndag.

Ein video som vart posta på Twitter viser ein gruppe menn som ser ut til å rive ned eit banner med teksten «Black Lives Matter» frå Metropolitan A.M.E. Church. Fleire i gruppa roper «Kven si gate er det?». Andra svara «Vår gate!», melder nyheitsbyrået AP.

Eit medlem frå Proud Boys riv ned eit BLM-banner i Washington 12.12.2020

Ein medlem frå Proud Boys riv ned eit banner utanfor ei kyrkje i Washington. Like etter vart banneret sett i brann.

Foto: VICTOR J. BLUE / NYT/NTB

Ein annan video viser unge menneske som heller brannfarleg væske på eit BLM-banner og sett fyr på det. Andre står rundt og heiar. Fleire forbanner Antifa, den antifascistiske venstreradikale rørsla som Proud Boys fleire gonger har støytt saman med. Nokre minutt etter går ein mann fram og sløkker elden med eit brannsløkkingsapparat.

Minner om korsbrenning

Ein kyrkjeleiar samanlikna det som skjedde med korsbrenning.

– Det gjer meg spesielt vondt å sjå namnet vårt, Ashbury, i flammar, seier pastor Ianther M. Mills.

– For meg var dette eit vondt minne om korsbrenning. Å sjå dette på video gjorde meg både sint og bestemt på å kjempe mot denne vondskapen som har heva sitt stygge hovud, seier ho i ei kunngjering frå kyrkjelyden.

Pastoren seier at dei ikkje gir seg, men vil kjempe vidare i trua på at svarte liv gjer ein skilnad. – Den sanninga vil vi fortsette å rope ut.

Kritiserer politiet for unnlating

Leiarane i Black Lives Matter har fordømt åtaka på kyrkjene. Dei er kritiske til politiet som dei meiner delvis «tillèt tilhengjarane av kvit overmakt å gå amok».

April Goggans som sit i leiinga for Black Lives Matter i Washington, retter og fingeren mot borgarmeisteren.

Ho skuldar Bowser for å «sitte stille og komfortabelt i heimen sin medan president Trump sender bøllene sine for å øve vald mot innbyggjarane i byen». Ho meiner Bowsers utsegner er meiningslause utan handling.

Ein talsmann for politiet i Washington sa søndag at dei tar åtaka alvorleg og at dei etterforskar aktivt.

Ifølgje AFP viser dette bildet at eit medlem av Proud Boys sparkar til ein demonstrant frå Antifa under ein demonstrasjon i Washington laurdag.

Ifølgje AFP viser dette bildet at eit medlem av Proud Boys sparkar til ein motdemonstrant frå Antifa under ein demonstrasjon i Washington laurdag.

Foto: STEPHANIE KEITH / AFP

Knivstikking og vald

Hendinga natt til søndag kom etter fleire helger med demonstrasjonar til støtte for presidentens påstandar om at han vann valet. Natt ti søndag kulminerte det i knivstikking og vald, med nær 30 arresterte. Fleire politifolk var mellom dei skadde.

Fire menn vart sende til sjukehus med skader etter knivstikking etter ein slåstkamp i sentrum.

Minst ein mistenkt, ein 29 år gamal mann, vart arrestert og sikta for å ha eit farleg våpen. Eit av knivoffera skal ha peika ut 29-åringen som gjerningsmann.

Åtte politifolk vart skadde under demonstrasjonane.

Etter fleire store demonstrasjonar i Washington den siste månaden, var politiet laurdag betre førebudd. Dei heldt dei to gruppene med demonstrantar skilde, og stor delar av Washington sentrum var sperra av. Dei hadde og stengt av den gatedelen som har fått namnet Black Lives Plaza.

Politi i Washington skiller antifa-demonstrantar og Proud Boys 12.12.2020

Politiet i Washington hadde deira fulle hyre med å skilje dei to gruppene med demonstrantar i byen laurdag.

Foto: ERIN SCOTT / Reuters/NTB

Skotsikre vestar

Denne laurdagen var det færre demonstrantar enn i helgene før, men det verka ifølgje lokale medium som at gruppa til Proud Boys var større enn før. Fleire av dei hadde på seg skotsikre vestar medan dei marsjerte gjennom byen.

Gruppa har fått stor merksemd etter at presidenten i ein debatt i september bad gruppa avvente, men halde seg klare («stand back and stand by»). Det vart tolka som at han bad dei halde seg i beredskap. Han hausta skarp kritikk for at han ikkje ville fordømme dei.

Måndag skal valmannskollegiet gjere det formelle valet av den neste presidenten i USA. Lite tyder på at det vert nokon andre enn Joe Biden.

SISTE NYTT

Siste nytt