Minst fire personar har knivskadar, får Washington Post opplyst av naudetatane i Washington. Ifølgje nyheitsbyrået AFP er fleire Proud Boys-medlemmer arresterte.
Valden braut ut mellom medlemmer av den fascistiske ytre høgregruppa Proud Boys og motdemonstrantar. Det er uklart kva grupperingar dei skadde og gjerningspersonane tilhøyrer.
Washington-politiet har arrestert minst 23 personar i samband med samanstøytane. Seks av dei er sikta for å ha angripe politiet.
Ifølgje AFP viser dette bildet at ein medlem av Proud Boys sparkar til ein demonstrant frå Antifa under ein demonstrasjon i Washington laurdag.
Foto: STEPHANIE KEITH / AFPI alt har åtte personar, to av dei politibetjentar, vorte skadde, opplyser politiet.
Tusenvis av president Donald Trump sine tilhengjarar samla seg i den amerikanske hovudstaden laurdag for å vise si støtte til forsøka til presidenten på å gjere om valresultatet.
Trump fekk også med seg demonstrasjonane.
Tusenvis av Trump-tilhengjarar, blant dei fleire frå ytre høgregruppa Proud Boys, samla seg laurdag i støtte til presidenten sine forsøk på å omgjere valresultatet.
Foto: Luis M. Alvarez / AP/NTBÉin skoten, to arresterte i Olympia
Det var markeringar fleire stader i USA. Både i Atlanta og St. Paul var det rolege demonstrasjonar. I Olympia i delstaten Washington derimot, braut det ut vald under ein demonstrasjon til støtte for Trump.
Seattle Times får stadfest av politiet at ein person vart skoten i samband med liknande samanstøytar som dei i hovudstaden. Tilstanden for skotofferet er ukjend.
I delstaten Washington støtte tilhengjarar av Trump og venstreradikale saman ved delstatsbygningen i Olympia.
Foto: David Ryder / AFP/NTBSkytinga skjedde etter fleire timar med knuffing. Støttespelarane til presidenten hadde samla seg med flagg og valbanner som sette spørsmålsteikn ved integriteten i valet. Dei vart møtte med svartkledde motdemonstrantar. Knuffinga utarta til steinkasting, og til slutt skyting, skriv avisa.
Ein 25 år gamal mann arrestert, mistenkt for skytinga. Ifølgje Seattle Times kunne ikkje det lokale politiet seier klart kva for grupper den skotne eller den mistenkte gjerningsmannen tilhøyrer. Politiet har heller ikkje sagt noko om tilstanden til den skadde.
Guvernøren i delstaten Washington, Jay Inslee, kalte valden for «galskap» på ein pressekonferanse søndag. Han sa delstaten har mer enn nok med å takle pandemien.