Sharon og Abbas heldt ein felles pressekonferanse før møtet mellom dei to i Jerusalem i dag. Dei stod side ved side under pressekonferansen, som gjekk direkte på fjernsyn. Begge gjorde det klart at det no har opna seg ein ny sjanse for fred i Midtausten.
Håp
- Sjansane for å få til fred er betre no enn tidlegare. Israel har ikkje noko ynskje om å styre palestinarane, eller å avgjere deira framtid, sa Ariel Sharon blant anna.
Mahmoud Abbas (til venstre) og Ariel Sharon utveksla handtrykk på pressekonferansen.( AP-foto)
Sharon streka likevel under at det ikkje kan bli fred mellom Israel og palestinarane dersom den palestinske terroren held fram. Han la til at han var budd på å betale ein høg pris for ein fredsavtale.
Mahmoud Abbas sa på si side at kvar dag som går utan ein avtale med Israel, er ein bortkasta dag. Han gjorde det klart at palestinarane ynskjer ein slutt på konflikten med Israel. Einaste måten å kome dit på, sa han, er gjennom dialog og forhandlingar.
Side ved side
Sharon og Abbas stod på kvar sin talarstol, med palestinske og israelske statsrådar sitjande side ved side i bakgrunnen utanfor den israelske statsministeren sitt kontor i Jerusalem.
Pressekonferansen vart halden før møtet mellom Sharon og Abbas skulle starte i ettermiddag. Trass i den gemyttlege tonen før møtet, gjorde Mahmoud Abbas det klart at han kravde ein slutt på israelske likvidasjonar av ettersøkte palestinarar, og at israelske militæraksjonar i palestinske sjølvstyrte område måtte ta slutt. Han krev også at palestinske fangar i israelske fengsel skal setjast fri.
Etter møtet sa representantar for begge sider at dei var nøgde med toppmøtet, og at det truleg blir eit nytt møte mellom Sharon og Abbas komande veke.
Symbolsk ramme
NRK sin korrespondent i Midtausten, Lars Sigurd Sunnanå, seier at det ikkje var det som vart sagt som var det viktigaste på denne pressekonferansen, men den symbolske rammen rundt det. Det at dei to leiarane tok kvarandre i handa under møtet var viktig, meiner han.
Sunnanå minner likevel om at det er langt fram til ein fredsavtale for Midtausten. Han meiner det vil vere avgjerande at USA opprettheld presset mot partane. Det kan ikkje bli noko løysing før Israel trekkjer seg tilbake frå dei områda dei har innteke etter at den nye palestinske opprøret starta i månadsskiftet august/september 2000.
Vidare må fleire tusen palestinske fangar setjast fri, og det må bli slutt på palestinske terroraksjonar mot israelske mål.
Arafat
Israelsk radio melde i kveld, ifølgje nyheitsbyrået AFP, at Ariel Sharon har lovd Mahmoud Abbas at den palestinske presidenten Yasir Arafat skal få forlate husarresten i Ramallah, og få reise til Gaza by.
Abbas skal ha bede om eit generelt amnesti for Arafat, men Sharon gjorde det klart at han berre ville godta at han fekk reise til Gaza by.
Støttar våpenkvile
Ei ny meiningsmåling viser at 80 prosent av palestinarane på Vestbreidden og på Gazastripa støttar den våpenkvila som fleire militante palestinske grupper har erklært.
52 prosent av dei spurde m einer at det 33 månader lange opprøret mot Israel bør avsluttast, no som både den israelske og palestinske regjeringa har akseptert den nye fredsplanen, det såkalla vegkartet for fred.