Hopp til innhold

Politiet: – Ikkje jogg med øyreproppar

Politiet i Sverige åtvarar mot å legge ut på joggetur med øyreproppar, etter at ei 21 år gammal kvinne vart funnen drepen med ved ei joggerute i Upplands Väsby. Ingen er arresterte.

Politiet ved stedet en ung kvinne ble funnet drept, 6.8.15

Politiet ved staden det kvinna vart funnen død torsdag.

Foto: Christine Olsson / TT / NTB scanpix

Den unge kvinna parkerte bilen sin ved Runby skule og tok ein joggetur på ein veg som vert brukt som treningsrute av mange. Timar seinare vart ho funnen død.

Dei som bur i området og som brukar den same joggeruta fortel til svenske Aftonbladet at dei er uroa og redde etter hendinga, der den mistenkte mordaren framleis er på frifot.

– Stenger av ein viktig sans

Politiet oppmodar folk om å vere forsiktige.

– Vi vil ikkje skape ein panikksituasjon, men eg synest at ein alltid skal opptre varsamt og forsiktig. Gå eller spring ikkje med øyreproppar i øyra. For då stenger ein av ein viktig sans som gjer det vanskelegare å vere observand, seier Lars Byström, pressetalsmann i politiet.

Hans oppmoding til dei som er uroa og redde er å unngå å legge ut på tur åleine.

– Kjenner ein seg uroleg kan ein ta med ein ven når ein skal ut og mosjonere.

Ifølgje han er det ikkje lett å seie om det er særskilde grunnar for at menneska i Upplands Väsby skal vere redde.

– Vi veit jo ikkje kva for ein gjerningsperson dette er. Vi har ikkje funne nokon teikn på at han skal slå til igjen. Det har vi absolutt ikkje belegg for å seie, seier Byström.

Väsby

Kom aldri heim frå joggetur

21-åringen skulle berre jogge tre eller fem kilometer klokka 18.30. Men ved 21-tida på kvelden byrja foreldra å verte urolege, og melde frå at dottera deira var sakna.

Politiet sette i gang søk, og fann kvinna ved totida på natta. Då sa politiet tydeleg at dei trudde at ho var drepen.

Politiet har samla inn filmar frå overvakingskamera i området, og skal gå igjennom dei fredag.

Har ein arbeidshypotese

Men det er samtidig ikkje noko politiet kan sjå bort frå. Dei kan heller ikkje seie om dei mistenkjer at gjerningspersonen hadde ei personleg kopling til offeret.

Politiet ved stedet en ung kvinne ble funnet drept, 6.8.15

Staden der 21-åringen vart funnen død.

Foto: Christine Olsson / TT / NTB scanpix

– Det får etterforskinga vise. Det er ei arbeidshypotese vi kikar på, ja. Men akkurat no finnast det ingenting som tyder på det, seier han.

Politiet har sett inn mannskap ved Runby skule ved joggeruta.

– Det er dels for å skape tryggleik, men også for å snakke med folk som har det som rutine å jogge ruta, og som kanskje har informasjon, seier Byström.

SISTE NYTT

Siste nytt