Hopp til innhold

Polsk våpenhandlar: – Det er venteliste på ammunisjon

Polakkane kjøper våpen som aldri før og skytebanene er fulle. Over heile Polen blir det meldt om fire til femdobla besøkstal etter Russlands invasjon av Ukraina.

Marcin Korzeniowski

Eigar av den lokale jaktbutikken i Strzelce Opolskie, Marcin Korzeniowski, viser fram ei av dei mest populære riflene.

Foto: Radoslaw Dimitrow

Det er hektisk aktivitet inne i jaktbutikken til Marcin Korzeniowski. Telefonen ringer ustanseleg og folk spør etter ammunisjon. Det er lange ventelister på dei mest populære patronene til halvautomatiske rifler og pistolar, fortel han:

– Russlands krig mot Ukraina endra bransjen. Mesteparten av ammunisjonen som blir produsert går til det polske forsvaret eller blir sendt som våpenhjelp til Ukraina. Det er ikkje så mykje igjen til sivilistar, fortel han.

Ammunisjon

Ammunisjon som også blir brukt av forsvaret er blitt mangelvare. Eigaren av skytebanen i Strzelce Opolskie må no importere direkte frå Tsjekkia fortel han fordi Polen ikkje har ein stor ammunisjonsindustri sjølv.

Foto: Radoslaw Dimitrow / NRK

Korzeniowski fortel at krigsfrykt har fått mange til å kjøpe seg sitt første våpen.

– Det er alltid slik at når noko dårleg skjer så får folk eit behov for å forsvare seg. Og da er det ikkje jaktrifler dei kjøper, men sivile versjonar av militære våpen og pistolar. Vi sel veldig mykje av desse våpena for tida fortel han til NRK

Kor mykje våpen han vil selje i år tør han ikkje spå. Men tal frå det polske politiet viser ei stor auke i søknad om våpenlisens allereie før krigen. Frå 2015 til 2021 var det ei dobling av slike søknadar.

Polakkane flokkar til skytebanene

Eit steinkast unna ligg ei lita skytebane der alle båsar er fulle, og det knatrar og smell frå geværløp og Glock-pistolar.

Det blir meldt om fire og femdobla interesse for å lære seg å skyte ved skytebaner over heile Polen.

Witold Apolinarski, som eig denne skytebanen i byen Strzelce Opolskie, kan fortelje om firedobla besøkstal.

– I helgane er det stappfullt, i vekedagane køyrer vi kurs morgon og kveld, fortel han.

Taktisk skyting ved skytebane i Polen

Taktisk skyting ved skytebane i Polen. NRKs reportasjelag held trygg avstand men har montert eit minikamera på ein av blinkane.

Store firma leiger seg inn her for å lære staben sin å skyte. Det kjem familiar, naboar og vener som ofte har spleisa på eit våpenskap for å sikre dei nyinnkjøpte våpena sine.

Apolinarski er sikker på at årsaka er grusomheitene som utspelar seg i den russiske angrepskrigen i Ukraina. Folk ser eit behov for å beskytte seg sjølv og familiane sine.

– Det er ein heilt klar samanheng mellom krigen og oppmøte her på skytebana, fortel han.

Lærer folk sjølvforsvar med våpen

Apolinarski tilbyr vanleg skytetrening og taktisk skyting. Ved taktisk skyting lærer «elevane» seg å bruke våpen til sjølvforsvar.

Det er sett opp blinkar som har ein menneskefigur ein kan sikte på, og ein lærer seg å gå og springe med våpenet i handa.

Witold Apolinarski, eigar, Strzelnica Powszechna skytebane

Witold Apolinarski demonstrerer den klassiske Kalasjnikoven.

Foto: Radoslaw Dimitrow / NRK

Han har også fleire våpen av militær karakter som folk kan øve med. Den mest klassiske i arsenalet er ein russisk Kalasjnikov som var svært vanleg i Warszawa-pakt landa under den kalde krigen. Mange eldre kundar kjenner den frå førstegongstenesta.

Yngre kundar vil gjerne bruke meir moderne våpen som dei kjenner frå TV-seriar og Hollywood-filmar.

SISTE NYTT

Siste nytt