Piratpartiet på Island mot siger

Piratpartiet på Island kan få regjeringsmakt.

Val på Island

Partileiar, Birgitta Jonsdottir, i Piratpartiet stemmer til parlamentvalet på Island.

Foto: GEIRIX / Reuters

Den politiske alliansen som Piratpartiet leier på Island får fleirtal i parlamentsvalet ifølge ei meiningsmåling, melder nyheitsbyrået AFP.

Piratpartiet ligg an til å bli Island sitt nest største parti, og får 12 av 63 medlemmer i det islandske Alltinget.

Det viser TV-målinga som er utført for kringkastaren RUV.

Les meir: Stor spenning knyttet til piratene på Island

Det endelege resultatet er venta å koma sundag morgon.

Piratpartiet, som blei danna i 2012, går inn for offentleg openheit, reform av offentlege organ, individuell fridom og kamp mot korrupsjon.

Partiet har på førehand alliert seg med tre andre parti som dei håpar å danna regjering med.

NRK oppdaterer saka.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt