Det er motteke rundt 1200 tips om kven mannen kan vere, men mannen er framleis eit stort mysterium. Han hugsar ingenting, greier ikkje å gjere greie for seg, og det einaste han har gjort er å spele piano. Dette er grunnen til at han blir kalla pianisten.
Det er framleis uvisst kven denne mannen er. Han vart funnen forkomen på ei strand i England. (Foto: AFP/Scanpix)
Då mannen, som truleg er i 30-åra, vart funnen hadde han på seg ein mørk dress der alle merkelappar var fjerna. Det har såleis vore umogleg å spore kvar kleda hans kjem frå.
Han er høg, slank og har ein nordeuropeisk utsjånad.
På sjukehuset teikna han eit piano. Då han fekk tilgang på eit piano sette han seg ned og spelte. Først gjekk det ut meldingar om at han var ein eksepsjonelt dyktig klassisk pianist, og det vart spekulert om han var konsertpianist.
Seinare har det kome fram at mannen, sjølv om han tydeleg likte å spele piano, ikkje var nokon stjernepianist. Det let ganske ordinært, seier ein av legane ved det psykiatriske sjukehuset der Pianomannen er innlagd.
Det har også vore spekulert i at mannan kan vere svensk, etter at det gjekk ut meldingar om at han hadde teikna eit svensk kart. Dette vart seinare avvist av sjukehuset. Rett nok hadde han teikna eit flagg, men det var ikkje mogleg å identifisere det. (NRK-AP)