Raed Nazel vart drepen i ei skotveksling med dei israelske soldatane, opplyser både israelske og palestinske kjelder. 20 andre palestinarar vart arresterte i denne aksjonen.
Israelske styresmakter seier at Nazel har figurert over hæren si liste over ettersøkte palestinarar, og at han blant anna skal ha planlagt ein sjølvmordskasjon på i den jødiske busetjinga Karnei Shomrom på Vestbreidda i februar, der tre israelarar vart drepne.
Israelske styrkar gjekk i morgontimane inn igjen i Kalkilya i det hæren kallar ein antiterror-aksjon. 15 stridsvoger og andre køyrety trengde seg inn i byen, og det vart erklært portforbod.
Dei tre landsbyane Beita, Silt a-Dhar og Jabaa er også omfatta av den israelske aksjonen.
Den israelske hæren seier at dei aksjonerte mot Kalkilya og landsbsyane rundt etter at det kom informasjon om at det vart planlagt nye aksjonar mot mål i Israel. Kalkylia ligg ikkje langt frå den israelske storbyen Tel Aviv.