Ofra for to politiske drap som har rysta Sverige. Oluf Palme og Anna Lindh i 1984. Lind ble drepen i februar 2003 (Lars Jansson/Scanpix)
Sveriges statsminister Olof Palme var skoten. Personleg var eg på det tidspunktet i Bueno Aires i lag med bl.a. NRKs korrespondent Haakon Børde og hans kollega frå Sveriges Radio. Vi hadde besøkt Evita Perons grav. Då vi kom tilbake til leiligheten, låg meldinga på telefonsvararen: Olof Palme er skoten.
Dagen etter blei drapet meldt i fleire medier, også i Sør-Amerika. Palme var ein ruvande og omstridd politikar. Meldinga om hans død var ikkje lokalnytt for Sverige. 20 år etter er det stadig oppslag om Olof Palme og hans død i medier over heile verda. Han var ein internasjonal politikar som lever i mediene 20 år etter sin død.
Sjokket over drapet på Sveriges statsminister viste at Sverige og dei andre lnda i Norden var like sårbare som andre land. Drap og likvidering av politikarar var ikkje lenger slikt vi berre kunne lesa om i Amerika, Asia og Afrika. Det skjedde utanfor vår eiga stovedør, i vårt nærmaste granneland, i det fredleg folkehemmet Sverige.
Ikkje å undrast at ”medel Svensson” og ”Ola Nordmann” kom ut av fatning. Derfor er det også tragisk og traumatisk at mordet enno ikkje er oppklara 20 år etter. Det har vore med på og gjort nordisk politikk meir utriveleg og risikabel i ettertid. Dette er blitt forsterka med mordet på Anna Lindh.
Mordgåte
Ein slik revolver blei brukt til drapet (Foto: Lasse Hedberg, Pressens Bild/NTB)
Kva har gått galt? Kvifor må Sverige og vi andre som prøver å følgje med, leve i uvisse om kven som drap Palme, og kvifor? Mange meiner å vite det, men ingen har fasiten, slik tilfellet er når det gjeld Anna Lindh.
Det finst sjølvsagt ikkje noko eintydig svar på kva som har gått galt. Dersom så hadde vore tilfelle, hadde det ikkje vore noko mordgåte. I etterpåklokskapens namn går det likevel an å stille seg nokre spørsmål og undre seg over ting som blei gjort og ikkje gjort.
Ekteparet Palme såg filmen "Brøderna Mozart" som byrja på Grand kino kl 21.15. Berre sønene visste at Palme-paret skulle på kino. Ingen fylgde etter paret. Etter at filmen var slutt, skilde Lisbet og Olof Palme lag med sonen Mårten og kjærasten hans.
Då Palme og kona hadde gått eit lite stykke, kom ein person opp bak dei og skaut Olof Palme i ryggen på nært hald. Også Lisbet Palme blei råka, men fekk berre ei skråme i ryggen. Olof Palme var dødleg såra.
Kl.23.22.20 byrja registering i politiets alarmsentral. Eit augnevitne i bil "har sett eit mord på Sveavegen". Politiet får fleire telefonar og tips, og rundt kl. 23.24 er fyrste politibil på plass.
Kl. 00.06 blei Olof Palme erklært død. Radioen melder dette kl. 01.10, og svenske fjernsynet har Extra sending i Rapport kl 04.00.
NRK fjernsynet var også svært tidleg ute med ekstra- sending i Dagsrevyen etter å ha fått opna Fornebu for nattflyging ved hjelp av Luftfartsdirektør Erik Willoch, slik at team kunne sendast til Stockholm. Kl. 02.05 blei det sendt riksalarm i Sverige.
I ettertid har det kome kritikk mot at det tok for lang tid før politiet sende ut riksalarm, og at det ikkje blei avsperra godt nok tidsnok, slik at drapsmannen kunne sleppe unna.
Det tok lang tid før SR melde mordet, men på denne tida hadde ikkje Sverige nyhetssendingar om natta.
Internasjonale spor
Kona Lisbeth og sonen Joakim Palme kjem til ei minnemarkering(Scanpix/AP)
Lenspolitisjef Holmer kom til Stockholm, og politiet byrjar å jakte på mordaren som i fylgje vitne er ein litt rufsig mann mellom 30 og 50 år. Han hadde eit litt haltande ganglag, og då politiet sende ut fantombilete, fekk dei 6000 til 7000 tips.
Politiet sette i gang eit stort apparat med utgreiingar som fram til 1996 kosta fleire hundre millionar.
Fleire spor blant grupper og personar som kunna ha motiv for å drepa Sveriges omstridde statsminister Olof Palme, blei lansert og granska.
Fyrste spaningsleiaren Hans Holmer satsa stort på PKK-sporet. Kurdarar og kurdiske organisasjonar skulle stå bak som hemn for manglande støtte.
Sør-Afrika-sporet dukka opp. Motivet her skulle vera hemn for Palmes støtte til den svarte frigjeringsrørsla, bl.a representert ved ANC og Mandela.
Midtausten sporet dukka opp, og dette hadde samanheng med Palmes kritikk av Israels okkupasjon av palestinsk land. Her kunne mange ha motiv for å rydde den frispråkige politikaren av vegen.
Felles for alle desse spora er at det er ein internasjonal dimensjon over dei. Alle drapsmenn innanfor desse gruppene ville stadfeste at Olof Palme var ein stor, men omstridd internasjonal politikar. Det var logisk å tru at Palme blei drepen for ei sak han trudde på, men som skaffa han farlege fiendar. Men var det sant? Det får vi aldri svar på.
Politisporet sto også sterkt hos enkelte. Dei mistenkte høgrekrefter for å ha kvitta seg med den brysamme og farleg sosialisten. Heller ikkje dette sporet førde fram.
"Uverdig" drapsmann
Ein nøgd Christer Pettersson skal feire frifinninga (Scanpix/AP)
Politiet jakta på ein einsleg "galning" med litt spesiell utsjånad og ganglag. Dei hadde ein del gamle kjenningar som kunne vera aktuelle. Christer Pettersson var ein av dei. Han hadde eit kriminelt rulleblad og var tidlegare også dømd for mord.
Christer Pettersson blei innkalla til politiavhøyr fyrste gong 28. mai 1986. Frå oktober 1988 blei politiet stadig meir interessert i Christer Pettersson. 14. desember 1988 peika Lisbet Palme han ut som gjerningsmann etter videokonfrontasjon. Han blei då arrestert og tiltalt i Stockholms Tingrett 29. mai 1989. Tiltalen gjekk ut på at han hadde drepe Olof Palme og forsøkt å drepe Lisbet Palme.
Sverige hadde fått sin drapsmann. Men det var ei ulogisk oppklaring. Det var ingen dimensjon over det, ikkje nokon politisk konspirasjon. Drapet likna på ei tilfeldig handling utførd av ein stakkar, ein sosial, økonomisk og psykisk tapar. Det er ikkje slik ein stor politikar skal dø. Dette var ikkje ein drapsmann verdig Olof Palme.
Vi som var i Stockholms Tingsrett frå 5. juni til 10.juli 1989, fekk med oss det ulogiske i at Christer Pettersson skulle ha drepe Olof Palme. Mannen hadde ikkje ein gong eit motiv.
Vi fekk også med oss hans uklare og sjølvmotseiande forklaringar både når det gjeld at han var utanfor Grand kino og andre sentrale spørsmål i etterforskinga.
Dei andre vitna frå Petterssons nærmiljø var like uklare som Pettersson. Lisbet Palme og sonen Mårten var krystallklare i sine forklaringar. Lisbet Palme var så sikker då ho peikte på Christer Pettersson som drapsmann at det blei brukt mot henne. Det fleste som var i rettsalen i Stockholm og retten trudde på Lisbet Palme.
Dømd og frikjend
27. juli 1989 blei Christer Pettersson dømd til livsvarig fengsel for mordet på Olof Palme.
Domen blei anka. 12. september til 9. oktober 1989 blei det ny rettsak i Svea Hovrett. Også dette blei ei sterk oppleving. Forsvaret køyrde sterkt på at mordvåpnet ikkje var funne og på at Lisbet Palme var einaste vitnet som peika ut Christer Pettersson på brotsplassen.
Ho var opprørd og sjokkskadd, slik at hennes vitnemål var tvilsamt, hevda Petterssons forsvarar. Han sa også at det mangla tekniske bevis, som drapsvåpen og krutslam, og at Christer Pettersson mangla motiv.
Resultatet blei at Svea Hovrett frikjende Pettersson og han kunne gå ut av fengselet som ein fri mann, iallfall for mordet på Olof Palme. I 1997 blei det sagt nei til å ta saka opp for Høgsta domstolen. Christer Pettersson blei tilkjent 300.000 kroner i erstatning for den tida han sat i fengsel.
29. september 2004 døde Christer Pettersson, men overklagaren, Agneta Blidberg, seier dette påvirkar ikkje utgreiinga om Palmes død.
Det ser ikkje ut som Sveriges Palme traume er over etter 20 år. Granskinga held fram. 350 millionar har det kosta hittil. Palme–utgreiingane er større enn granskingane etter Kennedy-mordet og Lockerbie-flyulykka.
Her finst 700.000 dokument. Det blir stadig leita etter våpen og nye tips, og teoriar dukkar 20 år etter. 50 millionar er lova i belønning til for den som har tips som fører til at mordaren kan bli dømd. Det ser ut som dess pengane kan stå på sperra konto i 20 år til.