Hopp til innhold

Slår inn over Puerto Rico

Orkanen «Earl» blei måndag kveld oppgradert til kategori fire. Amerikanske vêrekspertar fryktar katastrofale øydeleggingar når uvêret når land.

Orkanen «Earl » veks stadig i styrke. Med vindar på 215 kilometer i timen, gjekk

sesongens andre orkan frå kategori 3 til katastrofe-kategori 4 måndag kveld. Det melder nyheitsbyrået AP.

Bølgjene slår no kraftig inn over strendene i Puerto Rico, og palmetoppane står i spenn på dei karibiske øyane.

Tok hustak

Orkanauga passerte nyleg den vesle britiske øya Anguilla i Karibien. Med seg på sin ferd tok orkanen både hustak og straummaster.

Det er ikkje meld om kritiske skader, men på Antigua måtte minst åtte personar evakuerast og minst ein heim blei totalrasert av dei kraftige vindane, melder AP.

På Antigua har 350 personar no søkt tilflukt. Lokale vêrstasjonar rapporterer om minst 13 cm nedbør og tre meter høge bølgjer.

Omdirigerer skip

Cruiseselskap har dirigert skipa sine til andre hamner i Karibien og i Mexico, for å unngå å møte på den stadig meir faretrugande orkanen. Lokale flyselskap har kansellert sine avgangar.

Det er sendt ut orkanvarsel for fleire av øyane i Karibien: Anguilla, St. Martin, St. Barthelemy, St. Maarten, Saba, St. Eustatius, dei Britiske Jomfruøyane, dei Amerikanske Jomfruøyane og Puerto Rico.

Earl har vakse raskt i styrke med god hjelp av varme havtemperaturar. Orkanen kan få bølgjene til å slå 1.2 meter over normalen somme stader.

SISTE NYTT

Siste nytt