Hopp til innhold

Opptøyar i Stockholm - eit tital bilar i brann

Politiet losna eit varselskot måndag kveld etter å ha blitt utsett for steinkasting. Ifølge vitne skal det vere mykje uro i Rinkeby, ein forstad nord for Stockholm.

Operasjonleder Charles Ågren om situasjonen i Rinkby litt før midnatt

Frå SVT si sending måndag kveld.

Politiet var i ferd med å arrestere ein etterlyst person litt etter kl. 20 måndag kveld ved metrostasjonen i Rinkeby då dei fekk steinar kasta mot seg.

Laster Twitter-innhold

– Ein politibetjent blei skadd i armen og blei tvunge til å utløyse eit varselskot, seier pressetalsmann Lars Byström ved Stockholmpolitiet til SVT.

Politiet fekk arrestere personen dei var ute etter, men uroa heldt fram utover kvelden, og fleire bilar er stukke i brann. Ifølge redningstenesta skal det dreie seg om rundt eit dusin bilar, politiet meiner det er snakk om sju-åtte. I tillegg er det gjort innbrot i fleire butikkar.

Det er også uklart kor mange personar som er involvert.

– Eit 30-40-50-tals, nokre kan ha stukke av, andre har kome til, det er vanskeleg å få oversikt over det eksakte talet, seier Byström til SVT.

Han fortel at dei har mykje politi i område og prøvar å få roa ned situasjonen. Ifølge brannvesenet skal dei ha vanskeleg for å ta seg inn i området, og dei skal også ha blitt kasta stein på.

Ifølge ein frilansfotograf i nærleiken skal stemninga vere svært spent.

– Eg har vore med på ein del urolege situasjonar, men dette er noko meir. Det ser ut som ei krigssone, seier fotografen til SVT.

Politiet har innleia etterforsking av valdelege opptøyer og vald mot tenestemann.

Politiets pressetalsmann Lars Byström om situasjoen i Rinkeby mandag kveld i SVT-sending.

Frå SVT si sending måndag kveld.

SISTE NYTT

Siste nytt