Dei omkomne er sendt til land på øygruppa Fernando de Noronha utanfor kysten av Brasil.
Offera skal saman med vrakrestane fraktast vidare til byen Recife på det brasilianske fastlandet, opplyser brasilianske tenestemenn.
Sjå bileta:
Les også:
Her skal dei identifiserast ved hjelp av DNA-testar og tannundersøkingar. I tillegg skal franske etterforskarar sjå nærare på flydelane som er henta opp frå havet.
Jaktar på svar i svarte boksar
Dei omkomne blir frakta til øygruppa Fernando de Noronha utanfor Brasil.
Foto: BRUNO DOMINGOS / REUTERSJakta på dei såkalla svarte boksane, ferdskrivaren og taleregistratoren, held fram. Håpet er at dei inneheld opptak av samtalane i cockpiten.
I dag segla eit fransk skip frå øygruppa Kapp Verde i Atlanterhavet. Målet er at det på torsdag skal vere med å leite etter svara på flymysteriet.
Skipet, som mellom anna blir brukt av den franske marinen, har med seg to robot-ubåtar som kan søkje heilt ned til 6.000 meter under vassoverflata.
Byter ut fartsmålarane
Dei siste meldingane frå flyselskapet Air France tyder på at dei kjem til å byte ut fartsmålarane på Airbus A330 og A340 innen få dagar.
Fagforeininga bad i dag pilotane i selskapet om å nekte å fly flymodellane A330 og A340 før dei såkalla pitotrøyra er skifta ut.
Les også:
Årsaka til ulukka skal ha vore at fartsmålarane svikta i det dårlege vêret, noko som kan ha ført til at flyet hadde feil fart i forhold til vêrtilhøva.
Air France-flyet hadde 228 menneske om bord då det styrta i Atlanterhavet 31. mai.