Afrika - eit investeringsobjekt for Obama

Afrika går mot straumen. Medan mengda utanlandske investeringar går ned på verdsbasis, aukar den i Afrika. I dag reiser Barack Obama på friarferd til farens kontinent, og målet er å fylle den amerikanske lommeboka endå meir.

Obama og familien lander i Dakar

Den amerikanske presidenten reiser i dag på si første lange reise sør for Sahara i løpet av sin presidentperiode.

Foto: JOE PENNEY / Reuters

– Å utnytte den store amerikanske marknaden til å auke handelen og investeringar i Afrika vil vere eit hovudfokus under president Obama si reise til Afrika, seier USA sin handelstalsmann, Mike Froman til nyheitsbyrået Reuters.

Den amerikanske presidenten reiser i dag på si første lange reise sør for Sahara i løpet av sin presidentperiode. Obamas besøk til Senegal, Tanzania og Sør-Afrika kjem som følger av den amerikanske kongressen sitt ønskje om å svare på dei stadig aukande kinesiske investeringane i Afrika.

– Mykje av det presidenten skal gjere på reisa si er knytt til auka handel og investering mellom USA og Afrika, for å bidra til den økonomiske veksten i Afrika, seier Froman.

– Afrika vil ha amerikanske investorar

Den amerikanske talsmannen har god tru på USA sine sjansar for å få til gode investeringsavtaler i Afrika.

– Afrika vil ha investorar, og særleg amerikanske investorar. Dei likar at amerikanske bedrifter også investerer i å lære opp og tilsette lokal arbeidskraft. Og at me ikkje berre fokuserer på å ta ressursar ut av Afrika, men også investerer i menneskelege ressursar i Afrika, seier Froman.

Verda: -18 % Afrika: +5,5 %

Den amerikanske interessa kjem i kjølvatnet av nyheitene om eit afrikansk kontinent som er på veg til å etablere seg for alvor i den internasjonale verdshandelen. Medan utanlandske investeringar på verdsbasis gjekk ned 18 prosent i 2012, auka investeringane i Afrika med 5,5 prosent. Det syner tal frå ein fersk FN-rapport.

– Utanlandske investeringar har bidratt til utviklinga av statar i den tredje verd, og vil halde fram med å spele ei viktig rolle, seier Ghanas viseminister for handel, Nii Lantey Vanderpuije til det franske nyheitsbyrået AFP.

(Saka held fram under biletet)

SENEGAL-USA/ Children look at posters of U.S. President Obama and Senegal's President Sall before Obama's visit in Dakar

To gutar står framfor velkomstplakatane som er hengt opp i Senegals hovudstad Dakar, berre timar før Obama kjem på besøk.

Foto: JOE PENNEY / Reuters

Ikkje alle vert rikare

I Afrika finn ein seks av verdas ti raskast veksande økonomiar, og kontinentet har dei siste åra opplevd ei blomstring etter at mange statar har fått tid til å etablere seg. Det internasjonale pengefondet har estimert ein venta økonomisk vekst på 5,6 prosent i Afrika, og det er oljestatar som Ghana og Mosambik som leier an.

Men at dei aukande investeringane fører til eit betre liv for fattige afrikanarar er likevel ikkje sjølvsagt. Mykje av den økonomiske veksten finn stad i statar med tvilsamt rykte, slik som Kongo, Gabon og Ekvatorial Guinea. Og i mange afrikanske land aukar skilnaden mellom fattig og rik, sjølv om staten vert rikare.

Tilbakevendande konfliktar på kontinentet fører også til utfordringar for afrikainteresserte investorar. I Nigeria og Mali har investeringane blitt sett på ein brems som følger av tryggingsutfordringane landa står ovanfor.

SISTE NYTT

Siste nytt