Denne jenta er ei av mange som er på flukt frå det nye vulkanutbrotet.
Foto: Slamet Riyadi / Ap- Utbrotet går føre seg akkurat no. Det er tre gonger større enn dei to føregåande, seier sjefen for det indonesiske vulkansenteret, Surono, til nyheitsbyrået AFP.
Dette har ført til ny panikk blant dei som alt har reist frå heimane sine. I leiren Glagaharjo, 10 kilometer frå vulkanen, braut det ut panikk då det nye utbrotet starta. Mange gret og skreik hysterisk, seier ein redningsarbeidar til AFP.
36 menneske omkom under det første utbrotet 26. oktober. Blant dei komkomne er den høgt respekterte 83-åringen Marijan, som hadde den ærefulle oppgåva med å vakte over det heilage fjellet «Merapi».
LES OGSÅ:
Indonensiske styresmakter har utvida forbodssona til å gjelde 15 kilometer rundt vulkanen, og alle som bur innanfor dette området har fått ordre om å forlate heimane sine.
Motorsyklist på veg bort frå vulkanområdet.
Foto: ADEK BERRY / AfpDen gamle forbodssona var på 10 kilometer frå vulkanen. Det ligg fleire leirar for evakuerte i den nye forbodssona, og desse må no flyttast endå lenger unna vulkanen.
Frå før er rundt 75..000 menneske evakuerte etter dei to første utbrota frå vulkanen.
Det nye utbrotet starta klokka 14.30 lokal tid, klokka 0830 norsk tid.
Det er eit nytt og større utbrot i den indonesiske vulkanen 'Merapi'.
Foto: Gembong Nusantara / ApLES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: