Hopp til innhold

Skulle temje vulkanen - døydde

Den åndelege voktaren av Mount Merapi, kjent som bestefar Marijan, måtte gi opp kampen for å temje vulkanen.

Marijan prøver å temme vulkanen

Marijan prøver å temme vulkanen i 2006.

Foto: Tarko SUDIARNO / Afp

Han er no ein av mange døde etter vulkanutbrotet på Indonesia, etter at han vart funnen dekt av eit teppe med kvelande oske.

I fleire år hadde Marijan, som eigentleg heiter Ki Surakso Hargo, leia det tradisjonelle ritualet som skulle tilfredsstille ånder frå vulkanen. Han vart funnen i dag, dekt av oske, og skal etter rapportane ha site i bøn.

Det tyder på at han kjempa til sitt siste med å roe ned det voldsomme vulkanutbrotet, skriv nyheitsbyrået AFP.

Bad han om å flykte

Lokale media skriv at ein journalist hadde teke turen inn til Marijan for å be han om å flykte, etter at styresmaktene åtvara mot at eit utbrot var på veg.

Men Marijan ville ikkje reise.

– Eg er så vand med å vere heime. Det er betre for meg å bli her og be, skal han ha svart hjelpearbeidaren som prøvde å få han til å flykte.

Vulkanen Merapi i Indonesia

Vulkanen Merapi er ein av dei mest aktive i Indonesia.

Foto: CLARA PRIMA / Afp

Innbyggjarane i Marapi seier dei er veldig triste over å høyre nyheitene om at Marijan er død.

Vulkanutbrudd i Indonesia

Store område er dekte av oske etter utbrotet.

Foto: BEAWIHARTA / Reuters

– For oss er Marijan like viktig som Marapi. Når han ikkje lenger er blant oss, kven skal passe på Marapi? Kva skjer om det kjem enda eit utbrot? spør den 56 år gamle bonden Wanto.

– Ei ærefull plikt

Mount Marapi betyr "Brannfjellet", og vulkanen er ein av dei mest aktive i Indonesia.

Marijan har også tidlegare nekta å flykte på grunn av meldingar om at utbrot kunne vere på veg.

Dekket av aske fra vulkanen Merapi i Indonesia

Her blir ein hjelpearbeidar sendt til sjukehus dekt av oske.

Foto: DWI OBLO / Reuters

– Om eg hadde evakuert, ville eg ikkje ha oppfylt mi ærefulle plikt som er gitt til meg av sultanen av Yogyakrata, sa han til politiet den gongen.

Den gong gjekk han nærare toppen og mediterte to døgn på ein heilag stad medan vulkanen rumla under han.

Jobben som åndeleg voktar av Mount Merapi fekk han av sultan Hamengkubuwono IX. Hovudoppgåva var å passe på at alle tradisjonar knytte til fjellet, vart respekterte.

Innbyggjarane i området meiner at sultanfamilien har ein fleire hundre å gammal allianse med åndene.

SISTE NYTT

Siste nytt