Hopp til innhold

Al Qaida trapppar opp angrepa før valet i Irak - 55 drepne måndag

Minst 55 menneske er drepne i fleire angrep i Irak i dag. Angrepa kjem få dagar før parlamentsvalet i landet.

Irakarar ser på restane av ein bil etter eit bombeangrep.

Det var mange bilbombeangrep over heile Irak måndag. Her frå det austlege Bagdad.

Foto: ALI AL-SAADI / Afp

Det er truleg grupperingar knytte til Al Qaida-nettverket som står bak sjølvmordsangrepa. Ingen har teke på seg skulda for angrepa, men irakisk politi seier at alt peikar på terrornettverket Al Qaida.

Over heile landet

Ein liten gut ved restane av ein bil.

Ein liten gut ved restane av ein sprengt bil i Bagdad.

Foto: ALI AL-SAADI / Afp

Nesten 300 menneske er såra angrepa i blant anna Bagdad, Kirkuk, Tikrit, Tuz Humato og Samarra.

Valet førstkomande laurdag blir sett på som ein test på den politiske stabiliteten etter at USA trekte ut soldatane sine. 14 kandidatar ved valet er drepne i ulike angrep den siste tida, den siste i

På grunn av den vanskelege tryggingssituasjonen skal valet gjennomførast i berre 12 av dei 18 provinsane i Irak.

Syrisk opprørsgruppe

Det har vore ein sterk auke i talet på slike angrep den siste vekene. Dagen i dag har vore den blodigaste på over ein månad. Sist veke varsla Al Qaida i Irak samanslåing med opprørsgruppa Nusra-fronten i nabolandet Syria.

Observatørar meiner at samarbeidet over grensa mellom Syria og Irak har styrkt begge grupperingane.

Målet til Al Qaida i Irak er å forstyrre førebuingane til valet og ramme den sjia-dominerte irakiske regjeringa.

Videobilete frå diverse angrep i Irak.

VIDEO: Al Qaida-offensiv i Irak

Uvanleg stort omfang

Angrepa i dag hadde eit uvanleg stort omfang, og berre i angrepa i hovudstaden Bagdad vart 30 menneske drepne og over 90 såra. Irakiske tenestemenn seier at det har vore rundt 30 bombeangrep og angrep med skytevåpen i 12 ulike område i Irak.

Dei fleste angrepa skjedde i løpet av morgonen og føremiddagen.

I Tuz Khurmatu vart seks drepne og 67 såra av tre bilbomber som gjekk av så å seie samstundes. I oljehovudstaden Kirkuk vart fem menneske drepne og 44 såra i seks ulike bilbombeangrep.

LES OGSÅ: Flere drept i en serie bombeangrep i Irak

LES OGSÅ: 15 år gammel fotballtrener: Jeg frykter spillerne mine blir drept

LES OGSÅ: Pentagon tilbakeviser atompåstander om Nord-Korea

SISTE NYTT

Siste nytt