Hizbollah skaut antitankrakettar og granatar. Den israelske hæren svarte med artilleri- og luftangrep mot sørlibanesiske grensebyar, opplyser augevitne til nyheitsbyrået Reuters.
Den israelske hæren opplyser også at Hizbollah har skote mot Golanhøgdene, og at ein person skal vere skadd.
Israels forsvarsminister Benjamin Ben-Eliezer har bede USAs utanriksminister Colin Powell, som er på rundtur i Midausten, om å leggje press på Syria for å få dei til å stanse Hizbollah-geriljaen sine angrep. Israel held Syria og Iran ansvarlege for opptrappinga av konflikten i grenseområdet mellom Israel og Libanon.
Hassan Nasrallah er leiar for hizbollah-geriljaen i Sør-Libanon. (Scanpix-foto)
Det israelske tryggingsministeriet har i dag halde møte om angrepa mot Israel frå Hizbollah-geriljaen, men det er førebels uklart om det er gitt klarsignal til meir omfattande hemnangrep mot libanesiske eller syriske mål.
Israel har fleire gonger tidlegare bomba syriske mål i Libanon etter åtak frå Hizbollah.
Leiaren for Hizbollah i Libanon, Hassan Nasrallah, sa i kveld til journalistar i Beirut at geriljaen ikkje kjem til å utvide angrepa mot Israel til å gjelde heile grenseområdet, dersom ikkje Israel tvingar palestinarane på Vestbreidda i eksil. Han understreka likevel at Hisbollah vil hjelpe sine palestinske brør i kampen mot den israelske okkupasjonsmakta.