Den palestinske presidenten Mahmoud Abbas sa i går kveld at han ville gjere alt som står i hans makt for å stanse rakettangrepa mot israelske mål på Gazastripa og det sørlege Israel.
Israel har trua med ein storstilt militæraksjon dersom ikkje dei ytterleggåande palestinske gruppene stansar angrepa sine.
Det er oppmarsjert store militære styrkar og tungt utstyr ved grensa til Gazastripa, men det er ikkje venta at Israel set i gang ein storaksjon akkurat no. Dei vil truleg gi Abbas ein sjanse til å få slutt på angrepa.
Også egyptiske forhandlarar har delteke i samtalar med dei ytterleggåande palestinske gruppene, og dei fleste skal ha sagt seg viljuge til å stanse angrepa.
Den største av gruppene, Hamas, gjorde det i går kveld klart at dei framleis kjenner seg bundne av den uformelle våpenkvila med Israel.
- Men, vi har retten til å svare på israelske angrep, sa den politiske Hamas-leiaren Said Syam etter samtalar med egyptiske forhandlarar.
I dag er det tillyst ein større demonstrasjon mot israelsk tilbaketrekking frå Gazastripa. Det er venta at fleire titusen israelske motstandarar av tilbaketrekkinga vil prøve å kome seg inn til busetjinga Gush Katif.
Dei har som mål å opprette leirar av motstandarar inne i busetjinga for å hindre den israelske tilbaketrekkinga. Det er mobilisert 20.000 soldatar og politi for å hindre at demonstrantane tek seg inn i busetjinga.
Demonstrantane har leigd inn 1200 bussar som skal trasportere tilbaketrekkingsmotstandarane til den sørlege byen Netivot, der marsjen startar i ettermiddag.
Israelsk politi opplyser i ettermiddag at dei har fått ordre om å stanse demonstrantane før dei når det sørlege Israel. Dette vil skje ved at dei hindrar bussar med demonstrantar å starte på turen mot Gazastripa.
Den israelske hæren har stengt av Gazastripa for israelarar som ikkje er busette der. Den varsla demonstrasjonen er ulovleg.