SLik såg det ut inne i moskeen etter bombeeksplosjonen. (Foto: Reuters/scanpix)
Augevitne fortel til fjernsynsstasjonen GEO at bomba gjekk av inne i moskeen medan det var mange menneske samla der.
Dette er det andre tilfellet av alvorlige angrep på sjiamuslimar i Pakistan dei siste dagane.
Tre av dei som miste livet i angrepet i dag skal vere angriparar, medan dei to andre var ein sivilist og ein politimann, seier ein talsmann for politiet i Karachi.
To menn byrrja å skyte mot vaktene utanfor moskeen, medan ein tredje greidde å kome seg inn. Her detonerte han ei bombe han hadde festa til kroppen.
Angrepet skjedde under kveldsbøna i moskeen Madinatul Ilm Imambargah i den austlege delen av den pakistanske hamnebyen Karachi.
Etter angrepet gjekk ei stor menneskemengde ut i gatene for å protestere mot drapa. Rundt 1000 sjiamuslimar sette fyr på ein restaurant og åtte butikkar i nærleiken av moskeen, og 12 bilar vart også påtende.
Sist fredag vart 19 menneske drepne, og 65 vart såra då ein sjølvmordsbombar sprengde seg i lufta likeved ein muslimsk heilagdom i hovudstaden Islamabad. Fleire tusen muslimske pilegrimar, dei fleste sjiaer, var samla i bøn ved Bari Imam-heilagdomen då mannen sprengde seg i lufta.