Statsminister Kjell Magne Bondevik svarte i dag på kritikken frå fleire hald om at Noreg er utydeleg i forhold til USA sine krigsplanar.
Norsk åtvaring
- Vi vil på det sterkaste åtvare USA mot å gå til krig mot Irak utan at våpeninspektørane har gjort ferdig jobben sin, og utan støtte i Tryggingsrådet, seier statsministeren. Også utanriksminister Jan Petersen klargjorde det norske synet i dag.
- Noreg vil leggje vekt på at det er Tryggingsrådet i FN som skal avgjere kva tiltak som skal setjast inn overfor Irak etter at våpeninspektørane har levert sin rapport, seier Jan Petersen.
Han seier også at Noreg har gitt klart uttrykk for at USA må avvente våpeninspektørane sin rapport, og å gi dei meir tid dersom det er naudsynt. Dette vart seinast påpeika overfor USA sist måndag, sa Petersen.
Jaques Cirac (t.h.) og Gerhard Schröder samarbeider tett i Irak-spørsmålet. (Foto: Xavier Lhospice, Reuters)
Semje
Petersen set også stor pris på at leiaren for utanrikskomiteen på Stortinget, Thorbjørn Jagland (Ap) har same syn som regjeringa.
- Det er gledeleg at Jagland er heilt på line med oss her, og eg er samd med han i at ei utsetjing ikkje må føre til at Saddam Hussein i at ei utsetjing ikkje må føre til at Saddam Hussein trur han har fritt spelerom, seier utanriksministeren.
Petersen ser ikkje på Tyskland og Frankrike sine haldningar til ein mogleg krig mot Irak som noko nytt. Tyskland og Fraqnkrike har gjort felles front mot eit USA-leidd angrep på Irak.
På grunn av intern usemje måtte NATO utsetje behandlinga av ein amerikansk førespurnad om å starte planlegging i tilfelle krig.
Treng tid
Frankrikes president Jaques Chiraq seier i kveld at FN-inspektørane i Irak treng meir tid, og det kan bli snakk om fleire månader. Han seier likevel at Frankrike ikkje utelukkar noko når det gjeld Irak, og at han dagleg er i kontakt med forbundskanslar Gerhard Schröder i Tyskland.
Chiraq og Schröder heldt ein felles pressekonferanse i kveld, etter ein felles sesjon for dei to landa sine nasjonalforsamlingar i Versailles like utanfor Paris.
USA avviser kritikken frå Europa, og viser heller til at dei har støtte frå sin politikk frå fleire andre land. Storbritannia stårt fullt og fast bak USA, det same gjer det tidlegare Warzawapakt-landet Polen.
USAs president George Bush tok i kveld oppatt at det ikkje er nokon vits i å gi våpeninspektørane meir tid. Han sa at Saddam Hussein var ein fare for resten av verda, og at det no er på tide å ta eit oppgjer med han.