Hopp til innhold

UD stadfestar: Ein norsk borgar drepen i Mogadishu

UD har fått opplysning om at det er nordmenn blant dei drepne etter terroråtaket i Mogadishu natt til laurdag. Dei bekreftar onsdag at ein norsk borgar er drepen.

– UD kan stadfesta at ein norsk borgar er drepen i terroråtaket i Mogadishu. UD jobbar no med å få bekrefta opplysningar om ytterlegare ein norsk borgar som skal vera drepen, og om eventuelle skadde norske borgarar, seier kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes til NRK onsdag.

– Mange i Somalia og her i Noreg har mista nokre dei er glade i. Mine kondolansar og tankar går til alle som er råka av dette brutale terroråtaket. Dette er eit åtak som også råkar det norsk-somaliske miljøet hardt, seier utanriksminister Anniken Huitfeldt.

Anniken Huitfeldt

KONDOLERER: Utanriksminister Anniken Huitfeldt.

Foto: JOHN MACDOUGALL / AFP

Politiet er kontakt med pårørande i Noreg.

Norske borgarar som er råka av terroråtaket kan venda seg til ambassaden i Kenya eller UDs døgnopne senter.

Stadfestar at to nordmenn er drepne

Islamsk Råd Noreg stadfestar til NRK at to nordmenn er drepne i åtaket, og at dei er godt kjende i det islamske miljøet.

– Dei var gode borgarar som har budd her i mange år. Eg kjende dei godt personleg og vi var gode vener. Det er ein kjempetrist beskjed, seier leiar i Islamsk Råd Noreg, Abdirahman Diriye.

Ifølgje Tawfiiq Islamske senter i Oslo var dei to mennene på privat reise i Somalia.

Begge dei omkomne er medlemmar av moskeen.

– Våre medlemmar og brukarar av trussamfunnet er forferda. Mange er i sjokk og er utruleg triste for å ha mista to fantastiske medlemmar, seier leiinga til NRK.

– Det har vore sjokkerande å få denne beskjeden. Vi er framleis skaka og er ein sorgprosess. Våre varmaste tankar og kondolansar går til dei pårørande familiane, seier dei vidare.

Det var VG som først omtalte meldinga om at to norske statsborgarar kunne vera drepne.

EKSPLOSJON: Angrepet skal ha begynt med at to bilbomber blei detonert utanfor hotellet. Deretter blei bygningen inntatt av fleire væpna krigarar frå den militære gruppa.

Natt til laurdag, i Somalias hovudstad Mogadishu, angreip terrorgruppa Al-Shabaab luksushotellet Hayat.

Det tok over 30 timar for somalisk politi og militære å få kontroll over situasjonen.

21 menneske drepne

Til no er 21 menneske bekrefta drepne. 117 personar skal vera skadde, opplyser Somalias helseminister Ali Haji Adan. Sikkerheitsstyrkar redda 106 menneske ut av hotellet, blant dei kvinner og born.

Dei siste angriparane blei nedkjempa rundt midnatt natt til søndag.

– Dei fleste som blei drepne og såra, blei ramma i dei første timane av åtaket. Etter det brukte sikkerheitsstyrkane tid på å redda folk individuelt, rom etter rom, seier Abdi Hassan Mohammed Hijar i Mogadishu-politiet.

Sikkerheitsstyrkar patruljerer nær det øydelagte hotellet i Mogadishu i Somalia etter det dødelege angrepet.

PATRULJERER: Sikkerheitsstyrkar patruljerer nær det øydelagde hotellet i Mogadishu i Somalia etter det dødelege angrepet.

Foto: HASSAN ALI ELMI / AFP

Somaliske styresmakter har så langt ikkje sagt noko om kor mange Al-Shabaab-krigarar som deltok i åtaket eller kor mange Al-Shabaab-krigarar som er drepne.

– Dette er eit typisk Al-Shabaab-angrep på mange måtar. Det har gått føre seg litt lenger enn gjennomsnittet, men gruppa likar å angripa hotell. Særskilt hotell der det er regjeringsmedlem som frekventerer. Det var det her.

Det seier Stig Jarle Hansen, professor i internasjonale relasjonar ved NMBU.

Markerer seg for ny regjering

Den nye regjeringa i Somalia har sagt at dei skal slå hardt ned på Al-Shabaab.

Stig Jarle Hansen meiner at ein kan sjå på åtaket som eit svar på det.

– Samstundes var bodskapen frå den somaliske regjeringa dobbel. Dei sa at dei ville slå hardt ned på og intensivera kampen, men at dei ikkje utelukka forhandlingar ved eit seinare høve, forklarer Hansen.

Utanfor luksushotellet Hayat i Mogadishu.

HOTELLET: Biletet viser korleis det såg ut utanfor luksushotellet Hayat etter angrepet.

Foto: HASSAN ALI ELMI / AFP

Han trur Al-Shabaab ser det som viktig å markera seg no, i perioden like etter det har kome på plass ei ny regjering i landet.

– Det er også veldig viktig for Al-Shabaab å markera seg mot den nye religionsministeren i regjeringa, legg han til.

Religionsministeren Mukhtar Robow er nemleg ein avhoppar av Al-Shabaab.

– Dette blei sett på som eit stort tap for Al-Shabaab. På den andre sida blei det sett på som ein stor siger fordi han var så framståande i gruppa, seier Hansen.

Mukhtar Robow

RELIGIONSMINISTER: Den nye religionsministeren i Somalia, Mukhtar Robow, er tidlegare medlem av Al-Shabaab.

Foto: FEISAL OMAR / Reuters

– Vil det seia at ein kan venta fleire åtak?

– Ja, det trur eg. Særskilt i Mogadishu trur eg at ein kan venta fleire, men eg trur også Etiopia, Djibouti og Kenya gjer klok i å følgja nøye med på kva som skjer. Og for Etiopia er jo dette spesielt utfordrande då dei er i borgarkrig.

Hansen meiner det er viktig å sørgja for tryggleiken for lokalbefolkninga i Somalia. Der har det internasjonale samfunnet i stor grad feila, seier han.

Stig Jarle Hansen: Somalia-ekspert

SOMALIA-EKSPERT: Stig Jarle Hansen, professor i internasjonale relasjonar ved NMBU.

Foto: NRK

– Det er berre to måtar å løysa dette på. Det eine er å setja opp ein struktur som gir tryggleik til befolkninga i Somalia. Det andre er forhandlingar. Det finst ingen andre måtar å løysa dette på, meiner Somalia-eksperten.

SISTE NYTT

Siste nytt